Opera Avgarde
lau24apr14:00Opera AvgardeSamtidsmusikk
Om arrangementet
Opera Avgarde utfordrar opera-formatet og stiller spørsmålet: Kor lite kan opera vera? Komponistane Erik Håkon Halvorsen, Tonje Hernes, Tor Anders Eri og Maia Urstad har fått i oppdrag å skriva kvar
Om arrangementet
Opera Avgarde utfordrar opera-formatet og stiller spørsmålet:
Kor lite kan opera vera?
Komponistane Erik Håkon Halvorsen, Tonje Hernes, Tor Anders Eri og Maia Urstad har fått i oppdrag å skriva kvar sin sjølvstendige miniatyr-opera med ei lengd på 5 til 15 minutt.
Utfordringen er å koma til kjernen i operauttrykket, berre ved hjelp av to eller tre utøvarar, med avgrensa varigheit og med lite scenografi.
Innanfor desse rammene har komponistane mykje fridom når det gjeld tematikk og uttrykk.
Musikarane er Ricardo Odriozola, Ole André Farstad og Owen Weaver – og songarane Hilde Annine Hasselberg og Eva Pfitzenmaier. Alle aktive musikarar med breid erfaring innan eksperimentelle partitur, sceniske utfordringar og samarbeid.
- Eit Dokkehus
Komponist: Tonje Hernes
Utøvere: Ricardo Odriozola, Owen Weaver
Varighet: 10 min
NB! Inneheld referansar til seksuelle overgrep og vald - Olympia 7000
Komponist: Erik Håkon Halvorsen
Utøvere: Ole André Farstad, Ricardo Odriozola, Hilde Annine Hasselberg Varighet: 5 min. - Mia
Komponist: Tor Anders Eri
Utøvere: Owen Weaver, Eva Pfitzenmaier, Hilde Annine Hasselberg Varighet: 10 min. - The Scientist in Pisco
Komponist: Maia Urstad
Utøvere: Eva Pfitzenmaier, Ole André Farstad. Andrea U. Toft: video; Nico Trompe: Innspilt stemme.
Varighet: 15 min.
Opera Avgarde er støtta av:
Morten Eide Pedersen minnefondet
Norsk kulturråd
Vestland fylkeskommune
Fond For Utøvende Kunstnere
Bergen kommune
Bill: Kabuso har gleda av å tilby denne konserten til ein svært rimeleg billett (lenke under)
– bill kr 50,- inkl inngang i utstillinga i Kabuso (gjeld ikkje Ingebrigt Vik museum)
Alle foto: Thor Brødreskift
Tid
24. April 2021 14:00(GMT+00:00)
Billettsal på nett
>>> KjøpSjå arrangementet på Facebook
>>> Sjekk utProgram
lau10mai11:00lau17:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.