– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Pilfletting

Felicitas Aga i sitt atelier i London

Helga 1.4-3.4.2022 inviterar me til kurs i pilfletting med Hege Iren Aasdal.

Lærar Hege Iren Aasdal er korgmaker, og er no stipendiat for Handverksinstituttet der ho fordjupar seg spesielt i korger i splitta materiale.
På dette kurset lærer me grunnleggjande teknikkar i korgfletting. Det vert undervist i mellom anna ulike sideflettingar og påsetting av hank med meire. Ein kan flette ei rund eller oval korg, og velgja mellom ulike løysinger på hank eller handtak.
Kurset høver for alle, frå nybyrjarar til øva.

Kurset kostar 4200 kroner, og inkluderer kaffi/te/kaffimat gjennom kurset, samt to varme måltid og lån av verkty. Materialkostnader ca. 500 kr. Ta med deg forkle, hagesaks og tollekniv. NB! Medlem av Norges husflidslag får 500 kr. rabatt.

Påmelding til agatunet@hvm.museum.no.

2 veker før kurset vert pilen lagt i bløyt, sein påmelding er difor ikkje mogleg. Me ynskjer påmelding innan 25.2. Avmeldingfrist er 11.03.

Har du spørsmål? Ring 944 96 984 eller send epost til agatunet@hvm.museum.no

 

I Hardanger og Voss museum har me mange spanande kurs, se oversikt her.