Me har ope!
lau11maisun01sepMe har ope!Velkomen til sesongen 2024!
Om arrangementet
Laurdag 11. mai opnar me dørane for 2024-sesongen! Meir info om opningsprogrammet kjem: det vert opning av årets kunstutilling med Anne Hesvik og Bas Vlam, taler, musikk og stas! Fram til 16.juni
Om arrangementet
Laurdag 11. mai opnar me dørane for 2024-sesongen!
Meir info om opningsprogrammet kjem: det vert opning av årets kunstutilling med Anne Hesvik og Bas Vlam, taler, musikk og stas!
Fram til 16.juni har me ope laurdagar og sundagar frå 11-17.
Frå og med 17.juni til og med 1.september er me ope kvar dag fra 11-17.
Frå 2. september til 15.desember tek me og imot gjestar etter kapasitet, men vitjingar må avtalast på førehand!
Omvisingar går kvar heile time mellom 12 og 16, og kaféen er open i heile opningstida.
Me gler oss til å sjå deg for ein ny sesong i vakre Agatunet! Hugs at du kan kjøpa sesongkort – det gjev deg fri inngong så ofte du vil, gratis kaffi, og rabatt på arrangement som ikkje er inkludert i vanleg billett (og utanfor ordinær opningstid).
Program
lau31mai11:00sun31aug17:00Kulturskule- utstillinga 2025Unge og lovande!
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova. Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova.
Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga representerar denne breidda – ein får sjå alt frå raske skisser (croquis og bilndteikning) frå teikneøvingar, til meir forseggjorte arbeid som har vakse fram over tid.
Elevane vel sjøl ut nokre verk som skal inngå, og kunstfaglærar Johild Mæland syter for god representasjon og monterar utstillinga.
Det har i år vore 40 elevar fordelt på seks undervisnningsgrupper, ei i Jondal , ei på Hauso og fire grupper i Odda. Spennet i alder er stort, frå småskule til vaksne elevar.
Felles for alle gruppane er at dei ein periode såg på folkekunst, der ein spesielt undersøkte ulike stilretningar innan rosemaling.
Hardanger spillfestival inviterte kunstfag til å lage illustrasjonar, i form av spelkort i eit gjeve format, til presentasjon av dei ulike spela på festivalen. Til samen vart det laga 43 fine små teikningar.
Elevane dreg kvart år på ei ekskursjon og gjer feltarbeid – i år var dei på Baroniet i Rosendal, midt under bløminga!
Utstillinga i år syner både teikning, spillkort, rosemålingsstuder, og maleri. I tillegg vil ein også visa nokre tredimensjonale arbeid, i form av skulpturar.
Utstillinga opnast laurdag 31.mai (sjå eigen programpost om opningsarrangementet), og vert dei fyrste vekene tilgjengeleg laurdag og sundag frå 11-17.
Frå mandag 16.6 til sundag 31.8 er ho open kvar dag 11-17.
Utstillinga inngår i ordinær billett.