– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Konsertar

Musikalske opplevingar

Me arrangerar jamnleg konsertar i Agatunet. Desse finn du i programseksjonen. Konsertane vert stort sett haldne i Lagmannsstova, eit stemningsfullt og akustisk godt rom. Unn deg ei vakker oppleving, og kom på konsert i Agatunet!

 

 

FASTE MINIKONSERTAR KVAR LAURDAG I JULI

Gjennom juli månad kjem ein ung felespelar, Svein Kjerland,  til Agatunet og held 3 minikonsertar kvar laurdag. Tidspunkta finn du i programseksjonen.

Konsertene er inkluderte i billetten, og vert haldne i Lagmannsstova. Du kan skriva deg på liste i kaféen når du løyser billett for å reservera plass.

Konsertane varer ca. 20 min.

Kom og høyr ungdommen formidla tradisjonen!

 

TING EI KONSERT I AGATUNET

Me kan og tilretteleggja for flotte musikalske opplevingar i Agatunet. Fleire dyktige folkemusikarar kan tilby konsert eller musikalsk innslag i tunet i samband med vitjing frå større gruppar, middagar og arrangement.
Pris avheng av antall musikarar, varigheit og konsertlokale.