– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Kafé og butikk

 

 

Kaffi, noko godt å bita i og herleg stemning!

I den flotte Ådnesstova, og kalla Lensmannsstova, ligg den koselege, vetle kaféen vår.

Her finn du óg museumsbutikken, med eit utval litteratur, lokale produkt, handverksartiklar, leiker, smykke og gåver.

Her løyser du og billett til Agatunet, får utdelt førar med informasjon om tunet og finn ulike brosjyrer om andre tilbod i Hardanger.

 

Ta ein smakfull pause i dei stemningsfulle, historisk innreidde romma i Lensmannsstova, eller ta med deg koppen ut i tunet til eit av dei mange uteborda.

Me har deilige kaker og vafler, smørbrød og enkle varmrettar, sjokolade, is, kalde og varme drikkar og meire til. Me anbefaler å forsøka dei smakfulle produkta laga på lokale eple. Me har skjenkeløyve.

 

Me har og eit lite bibliotek med bøker til låns. Sett deg i godstolen i kroken med ein kaffi, bla i vakre praktbøker, les om klyngetunhistoria, sider, eller fordyp deg i liva til kjende hardingar.

 

Hovuddelen av kunstutstillingane finn du normalt og  i dette bygget.

NB! Me kan servera større måltid til små og støore gruppar – desse må tingast på førehand. Ta kontakt for menyforslag og pris.

 

Det er deilig å slappe av i Agatunet!