– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Lagmannsstova

Storstova i Agatunet

Det eldste noverande huset i Agatunet er Lagmannsstova, som vart bygga kring 1220 – truleg av slekta til riddaren, riksråden og Gulatingslagmannen Sigurd Brynjulvsson.

Lagmannsstova er den einaste attståande delen av eit større bygningskompleks som vart reist som eit administrasjonsanlegg etter europeisk modell, og vart nytta til representasjon, som bustad og som rettslokale. Anlegget hadde og eige stavbygd kapell. Resten av bygningsmassen vart riven i 1811.

 

I dag er Lagmannsstova det einaste huset av sitt slag i Noreg, og eit av dei best ivaretekne sekulære mellomalderbygg me har i landet.

 

Denne stova er landets eldste kjende rettslokale. I 1293 var den eldste fullstendige skildringa av ei domsavgjerd me har i norske arkiv – mellomalderbrevet kjend som Bleiediplomet, gjeve og signert her i Lagmannsstova.

 

Her er imponerande tømmer og andre vakre bygningsdetaljer, bord frå mellomalderen, uvanlege steinkjellarar og 800 år med historie. Me har nyleg kalka kjellarmurane på Lagmannsstova, med brent kalk frå eigen omn. Steinen har me henta lokalt, frå det som truleg og var kjelda den gong bygget var nytt. Kalkomnen som vart bygga under veiledning frå Nidaros Domkirkes restaureringsarbeider kan og du sjå i tunet, den ligg bak i sørøstlege hjørnet.

 

Me anbefalar at du vert med på ei omvising for å oppleva Lagmannsstova –  dette eineståande bygget, og får høyra om den spanande historia!