Siderbåten og Agatunet

Siderbåten
Den såkalla «Siderbåten» går i rute på fjorden, og er ein moglegheit til å oppleva Hardanger mellom Eidfjord og Odda sjøvegen. Det er ein heilt storveis oppleving, og ein fantastisk måte å koma til Agatunet på.
Du kan nytta båten som reint transportmiddel. Aga er ein av anløpsstadene. Ruta finn du her.
Det er og mogleg å reisa på sidersafari med båten, og tinga mange ulike pakkar med sidersmakingar, mat, og kulturhistoriske opplevingar og omvisingar. Agatunet inngår i fleire av desse. Anbefalast på det sterkaste! Dei ulike tilboda finn du hjå tastehardanger.com.
Siderbåten ved Aga kai, utsyn mot Odda.