Arkiv
Utstillingar
Arrangementstype:
Utstilling
Utstilling
Alle
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Arrangør:
Agatunet
Agatunet
Alle
Borgstova
Granvin bygdemuseum
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela
Kunsthuset Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum
juni 2019
sun02junsun01sepIben Amelie MansfeldInstallasjonar(juni 2) 13:00 - (september 1) 17:00

Om arrangementet
Iben Amelie Mansfeld (1988) bur på Skåltveit i Hardanger, og er elev på Kunstskolen i Bergen. Ho stiller ut installasjonar i Jakobsbua i Agatunet frå 02.06.19 - 01.09.19. Arbeida ho stiller ut
Om arrangementet
Iben Amelie Mansfeld (1988) bur på Skåltveit i Hardanger, og er elev på Kunstskolen i Bergen.
Ho stiller ut installasjonar i Jakobsbua i Agatunet frå 02.06.19 – 01.09.19.
Arbeida ho stiller ut i Agatunet er resultat av utforsking av – og fordjuping i – material som råull, garn og hønsenetting. Ho utfordrar materiala, undersøkjer kor
langt ho kan strekkja dei, kor sterke fibrane er. Ho forheld seg utfordrande til sine tematiske fokusområde, og jobbar mykje med ulike maktstrukturar, kjønnsroller, kropp og
psykisk helse.
Les meir om kunstnaren her.
Tid
Juni 2 (Sundag) 13:00 - September 1 (Sundag) 17:00
sun02junsun01sepHege Wiken – Splitter pin(n)e(juni 2) 13:00 - (september 1) 17:00

Om arrangementet
Utstillingsopning sundag 2. juni kl 13 Sommaren 2019 viser Agatunet ei utstilling av korgmakar Hege Wiken. Wiken set her fokus på splitting av materiale. Dette er ein dominerande teknikk i korgmaking i
Om arrangementet
Utstillingsopning sundag 2. juni kl 13
Sommaren 2019 viser Agatunet ei utstilling av korgmakar Hege Wiken.
Wiken set her fokus på splitting av materiale. Dette er ein dominerande teknikk i korgmaking i Noreg, der relativt grovt material vart nytta til fletting. Det vert nytta mellom anna hassel, selje, hegg, einer og pil.
Kunnskapen om teknikken er i ferd med å døy ut:
Det er svært få som kan formidla kunnskap om innhenting av rett type material til riktig tid, og rett foredling av dette. Prosjektet Splitter pin(n)e er meint som eit bidrag til å ta vare på og vidareformidla noko av den kunnskapen.
Det er elles uendelege unytta ressursar i kulturlandskapet. Dette er også i ferd med å gro igjen – som ein konsekvens av at ressursane ikkje vert nytta.
Korgene i utstillinga gjenspeglar prosessen med å læra lokale material og tradisjonelle teknikkar å kjenna. Prosjektet er eit samarbeid med Samson Øvstebø som er tradisjonsberar og støttespelar i prosjektet.
Dette fortel korgmakar Hege Wiken om arbeidet sitt:
«Eg har svennebrev som korgmakar etter læretid hjå Skovstuen Pil. Eg er stolt over å kunne vidareføra eit gamalt handverk med slike store variasjonar og mangfald i kunnskap, eg er begynt å forstå rekkevidda av det eg ikkje veit, og gler meg til å fortsetja reisa med å læra fleire material og teknikkar å kjenne.
Eg driv garden Alvastien Telste med mann og tre barn i Fyksesund, Hardanger.
Eg er engasjert i å dykke djupare i handverket og dei lokale tradisjonane, og å kunne nytte ein ofte oversett ressurs samtidig som eg driv regenerativt jorbruk – ein naturleg del av heilskapen på garden.»
Utstillinga står i Agatunet i perioden 02.06.19-01.09.19.
Prosjektet Splitter Pin(n)e er støtta av Norsk kulturråd, Halldor O. Opedal sitt fond for ålmennyttige formål og Kvam herad.
Tid
Juni 2 (Sundag) 13:00 - September 1 (Sundag) 17:00
mai 2019
lau11maisun01sepSiri BerrefjordTekstilar og smykke(mai 11) 15:00 - (september 1) 17:00

Om arrangementet
Siri Berrefjord arbeider med mange ulike kunst- og kulturuttrykk. Ho lager smykke, syr klede og jobber med grafisk design, mellom anna. Ho
Om arrangementet
Siri Berrefjord arbeider med mange ulike kunst- og kulturuttrykk. Ho lager smykke, syr klede og jobber med grafisk design, mellom anna. Ho har vore frilans fotograf i over 20 år. Berrefjord er ein spanande kunstnar som let seg inspirere av gamalt handverk, og dels nyttar moderne material som plast. Til Agatunet har ho med både tekstilar og smykke. Berrefjord har lenge nytta bondekulturen, med sine rike utsmykkingar, som grobunn for sitt eige uttrykk. I bondekulturens finn ho ei rikdom i fargar og detaljar som ho søkjer å fusjonere med nye materialer, for å gje nytt liv til tradisjonelle uttrykk. Ho har hug til å få sjølve tiden til å synast, tida som er nytta i framstillinga av objekta. For kva er eigentleg tid i en slik sammenheng? Eit uttrykk for omsut, for vedvarande merksemd og kjærleik til tinga. Ein omsut som gjer tinga eksklusivitet, heilt uavhengig av kva materiale dei er framstilla av.
Du kan lesa meir om smykkekunstnaren: her.
Tid
Mai 11 (Laurdag) 15:00 - September 1 (Sundag) 17:00
lau11maisun01sepMay Helen BleieVAKRE SYLVARBEID(mai 11) 15:00 - (september 1) 17:00

Om arrangementet
May Helen Bleie er frå Bleie i Ullensvang, og utdanna gullsmed frå Plus-skulen i Fredrikstad. Ho arbeidar både med redesign og eigne design, og har late seg inspirere av både
Om arrangementet
May Helen Bleie er frå Bleie i Ullensvang, og utdanna gullsmed frå Plus-skulen i Fredrikstad. Ho arbeidar både med redesign og eigne design, og har late seg inspirere av både gamle gjenstander og omgjevnader i arbeida sine. Til utstillinga i Agatunet har ho mellom anna med seg ei tolkning av lilja som er i våpenskjoldet til Sigurd Brynjulvsson, og heradsvåpenet til Ullensvang herad.
Du kan lesa meir om smykkekunstnaren her.
Tid
Mai 11 (Laurdag) 15:00 - September 1 (Sundag) 17:00
Billettsal
Utstillinga er inkludert i ordinær billett
lau11maisun01sepLars OsaVerk frå Aga(mai 11) 15:00 - (september 1) 17:00

Om arrangementet
I 1927 kom målaren og felespelaren Lars Osa til Aga på eit utsmykkingsoppdrag
Om arrangementet
Utstillinga er samla og kuratert av Kunstgruppa i Agatunet. Du kan lese meir om utstillinga og kunstnaren her.
Gå ikkje glipp av desse fine portretta av tunet og tunfolket!
Meir program kjem.
Tid
Mai 11 (Laurdag) 15:00 - September 1 (Sundag) 17:00
Arrangement
Arrangementstype:
Arrangement
Arrangement
Alle
Konsert
Kurs
Utstilling
Arrangør:
Agatunet
Agatunet
Alle
Borgstova
Granvin bygdemuseum
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela
Kunsthuset Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum
september 2020
mån21sep(sep 21)10:00fre25(sep 25)17:00Kurs i restaurering av vindauge10:00 - 17:00 (25)

Om arrangementet
Me held kurs i restaurering av vindauge i Agatunet frå måndag 21. september til fredag 25. september. Me skal restaurere vindauge
Om arrangementet
Lunsj kl. 13.00
post@hvm.museum.no
Tid
21 (Måndag) 10:00 - 25 (Fredag) 17:00
mars 2020
tors12mar19:00tors23:00AVLYST - Føredrag og kveldskaféTema: Kalk!19:00 - 23:00

Om arrangementet
ME VEL Å AVLYSA DETTE ARRANGEMENTET AV SMITTEVERNOMSYN. I høve kalkbrenninga 9-13.3.20 (sjå eige arrangement) har me gleda av å invitera til samkome med føredrag og ope kafé torsdag 12.3.13, når
Om arrangementet
ME VEL Å AVLYSA DETTE ARRANGEMENTET AV SMITTEVERNOMSYN.
I høve kalkbrenninga 9-13.3.20 (sjå eige arrangement) har me gleda av å invitera til samkome med føredrag og ope kafé torsdag 12.3.13, når sjølve brenninga avsluttast.
Føredraga vert halde i Johansstova.
Klokka 19 : Tore Granmo.
Murarmeister og tradisjonshandverker Tore Granmo fortel om sine erfaringar med å driva som sjølvstendig næringsdrivande med tradisjonshandverk, og særleg om sitt arbeid med kalk – både arbeid med omnsbygging og kalkmørtel. Tore Granmo har mellom anna bygga kalkomn for Domkirkeodden på Hamar.
Klokka 20: Chris Pennock.
Murar frå Nidaros Domkirkes restaureringsarbeider, Chris Pennock, som i fleire omganger har vore i Agatunet og leia og delteke i kalkarbeidet her, om kalkprosjektet i Agatunet i nasjonal og internasjonal samanheng.
Det vert ope kafé med sal av forfriskningar.
Me avsluttar klokka 23 ved omnen.
Velkomne!
Tid
(Torsdag) 19:00 - 23:00
mån09marHeile dagenfre13Kalkbrenning 2020Me brenn kalkstein i sjølvbygd omn(Heile dagen)

Om arrangementet
No er det klart for ei ny kalkbrenning i Agatunet! I 2018 bygga me eigen kalkomn i Agatunet, henta kalkstein frå Varaldsøy, brann, leska og kalka dei nedre murane
Om arrangementet
No er det klart for ei ny kalkbrenning i Agatunet!
I 2018 bygga me eigen kalkomn i Agatunet, henta kalkstein frå Varaldsøy, brann, leska og kalka dei nedre murane på Lagmannsstova. Dette spanande og unike prosjektet vart gjennomført med hjelp fra murarer frå Nidar Domkirkes restaureringsarbeider (NDR), og Chris Pennock frå NDR kjem attende til Agatunet for å leie arbeidet i år og.
Mandag 9. mars etter lunsjtid tek me til med å leggja stein i omnen, og fyrar opp kring klokka 23 på kvelden.
Dei neste dagane vert det brenning heile døgeret, medan eit vaktlag dag og natt syter for at ikkje omnen faller i temperatur.
Kalkstein må haldast over 800 grader i tre døger, så omnen må haldast under konstant oppsikt.
Me avsluttar torsdag kveld. Avsluttinga vert markert med føredrag av murarane Tore Granmo og Chris Pennock klokka 19 og 21, og ope kafé med sal av forfriskningar (sjå eige arrangement).
Fredag føremiddag vert steinen spadd i tønner, såframt den er tilstrekkeleg avkjølt.
Alle interesserte er velkomne innom!
Tid
mars 9 (Måndag) - 13 (Fredag)
desember 2019
lau07des13:00lau17:00Førjulslaurdag i AgatunetKafé med graut, julegran og ljosstøyping!13:00 - 17:00

Om arrangementet
Laurdag 7.12.19 har me ope i kafé i Agatunet frå kl. 13-17. Frå klokka 14 har me julegraut og saft! Elles enkelt utval. I Haldorskjellaren kan du mellom klokka 13 og
Om arrangementet
Laurdag 7.12.19 har me ope i kafé i Agatunet frå kl. 13-17. Frå klokka 14 har me julegraut og saft! Elles enkelt utval.
I Haldorskjellaren kan du mellom klokka 13 og 16 støypa ljos (40kr for to ljos).
Ca. kl. 16:30 tenner me ljos på juletre i tunet.
Velkomne til ein triveleg førjulslaurdag!
NB! Spikkekurset er diverre avlyst grunna sjukdom. Vært arrangert seinare i vinter.
Tid
(Laurdag) 13:00 - 17:00
oktober 2019
ons09okt16:00ons17:00Gravskikkar i Hardanger i jernalderenFøredrag med Anne Drageset16:00 - 17:00

Om arrangementet
I samarbeid med Litteratursymposiet vert det torsdag 09.10.19 eit spanande føredrag i Agatunet. Arkelog Anne Drageset fortel om korleis våre forferdre gravla sine døde, kva dei fekk med seg i
Om arrangementet
I samarbeid med Litteratursymposiet vert det torsdag 09.10.19 eit spanande føredrag i Agatunet. Arkelog Anne Drageset fortel om korleis våre forferdre gravla sine døde, kva dei fekk med seg i grava, og korleis ein organiserte gravplassane i landskapet.
Billettar kr. 100. Billettar selgjast i døra eller på nett (sjå lenke).
Føredraget haldast i Grønestova. Kaféen er ope frå 15:30.
Velkomne!
(Biletet visar ei gravhaug på Hereid.)
Tid
(Onsdag) 16:00 - 17:00
september 2019
sun01sep16:30sun17:30Kåseri: Lars Osa og hans arbeid på Agaved Guttorm Rogdaberg16:30 - 17:30

Om arrangementet
På den siste dagen for Lars Osa-utstillinga i Agatunet, har me gleda av å saman med Kunstgruppa i Agatunet og Hardanger historielag invitera til eit kåseri av Guttorm Rogdaberg, om
Om arrangementet
På den siste dagen for Lars Osa-utstillinga i Agatunet, har me gleda av å saman med Kunstgruppa i Agatunet og Hardanger historielag invitera til eit kåseri av Guttorm Rogdaberg, om Lars Osa og hans arbeid på Aga.
Oppmøte i utstillingslokalet klokka 16:30.
Ved stort oppmøte vert kåseriet flytta til Lagmannsstova, men såfremt det er plass vert det halde i Grønestova der utstillinga er.
Arrangementet er gratis, og de får gratis inngong til alle utstillingar i tunet. Kaféen er open!
Velkomen!
Tid
(Sundag) 16:30 - 17:30
august 2019

Om arrangementet
Me avsluttar sesongen i Agatunet med dette føredraget om eit særs spanande tema - våpenskjold frå mellomalderen. Kom og høyr ein av våre fremste nasjonale kapasitetar på mellomalderheraldikk - PhD
Om arrangementet
Me avsluttar sesongen i Agatunet med dette føredraget om eit særs spanande tema – våpenskjold frå mellomalderen. Kom og høyr ein av våre fremste nasjonale kapasitetar på mellomalderheraldikk – PhD Jo Rune Ugulen Kristiansen, fortelja om denne spanande delen av vår historie!
Våpenskjold kom i bruk i samband med korstogene på 1100-talet, og kom etterkvart til Noreg. Det var ikkje kven som helst som kunne ha sitt eige våpenskjold. Det var og strenge reglar for korleis dei skulle sjå ut, tydingsfull symbolikk, og våpenskjolda dei inngjekk som element i eit sosialt hierarki. Utforminga og historia bak våpenskjolda på Vestlandet og Hardanger lærar oss mykje om samfunnet i mellomalderen, og ein finn linar inn i vår eigen tid.
I Agatunet budde Sigurd Brynjolvsson, riddar, lagmann og herre til godset Aga. Han var ein mektig mann, og våpenskjoldet hans har vore nytta som kommunevåpen for Ullensvang herad, og skal no leggjast til grunn for det nye kommunevåpenet til Ullensvang kommune. Det er slett ikkje alle kommunar forunt å ha ei so lang og engasjerande historie knytt til kommunevåpenet sitt!
Jo Rune Ugulen Kristiansen er PhD i mellomalderhistorie frå Universitetet i Bergen. Han er tilsett som førstearkivar i Arkivverket, og er redaktør for Diplomatarium Norvegicum, ein kjeldesamling av norske brev og dokument frå den eldste tid og frem til 1570. Diplomatarium Norvegicum gjengir innholdet i dokumentene ordrett på originalspråket (latin og norrønt) og er eit heilt sentralt verk for alle som arbeidar med norsk mellomalderhistorie. Han har også mellom anna skrive mellomalderdelen av regionhistoria for Hardanger som vart gjeve ut i 2015.
Tid
(Laurdag) 13:00 - 14:00
tys20aug17:30tys19:30Opsahl og Øyrehagen Sunde: to føredrag om mellomalderhistorie17:30 - 19:30

Om arrangementet
I samband med den norsk-skotske fagseminaret me arrangerer saman med Baroniet Rosendal 20.-21. august (som det gjeld påmelding til), har me og gleda av å invitera til opne kveldsforedrag
Om arrangementet
I samband med den norsk-skotske fagseminaret me arrangerer saman med Baroniet Rosendal 20.-21. august (som det gjeld påmelding til), har me og gleda av å invitera til opne kveldsforedrag 20.08.19 med to fremifrå formidlare som er store kapasitetar på sine fagområde, og som skal læra oss om interessante sidar ved mellomalderhistoria vår.
NB! Føredraga byrjar klokka 17:30.
- Professor Erik Opsahl: Avtalen i Perth 1266 – en merkestein for den norske kongemakta
Den norske kongen regjerte ikke bare over Norge og nordmenn. I Landsloven fra 1274 het det at bare én person skulle «være konge over alt Norges kongevelde, både innenlands og likeså (over) skattlandene». Dette såkalte Norgesveldet hadde nådd sin største utstrekning under Håkon 4. Håkonssons regjering (1217-63). Håkon førte, som de fleste middelalderkongene Europa, en ekspansiv utenrikspolitkk. I vest støtte imidlertid den norske kongens ekspansjon på en rival, nærmere bestemt den skotske kongen, som ville øke sitt maktområde. Skottene hadde som mål å vinne kontroll over Man og Sudrøyene (Hebridene). Fyrstene her anerkjente til tider den norske kongen som sin formelle overherre, men kunne spille på rivaliseringen mellom først og fremst den norske og skotske kongen om kontroll, der også den engelske kongens og irske fyrsters interesser spilte inn. Rivaliseringen gjorde det vanskeligere for én utenforstående fyrste å underlegge seg øyene. Alexander 3. (1249-86) av Skottland arbeidet målbevisst for å vinne kontroll over øyene og tilbød å kjøpe dem av den norske kongen. Kong Håkon avslo tilbudet, dels av prestisjehensyn, men også fordi en skotsk kontroll over Man og Sudrøyene kunne true det norske jarledømmet på Orknøyene. Den norske kongen kunne samtidig bare å håpe å opprettholde kontrollen over øyene ved at de lojale stormennene var lojale. Demonstrasjon av militær styrke til å avskrekke og pasifisere kunne imidlertid støtte opp under lojalitet til den norske kongen. Da skottene herjet øyene sommeren 1262, utrustet kong Håkon året etter en stor flåte som han seilte i spissen for over til Orknøyene. Skottene unnlot imidlertid å møte nordmennene i åpent sjøslag, samtidig som nordmennene ikke var utstyrt for en landkrig. Dette var i det lange løp til gunst for skottene, ettersom en flåte ikke kunne være til sjøs hele året, men måtte søke havn før vinteren satte inn. Etter en trefning ved byen Largs trakk kong Håkon flåten tilbake til Orknøyene for vinteren. Det ble kongen syk og døde i Kirkjuvåg (Kirkwall) like før jul 1263.
Etterfølgeren, Magnus 6. Lagabøte og rådskretsen rundt ham var øyensynlig ikke villig til å fortsette krigføringen med skottene. Den lokale befolkningen viste seg lite villig til å yte nordmennene militærhjelp. Den engelske kongen presset dessuten på for fred, ettersom de økonomiske forbindelsene mellom Norge og England hadde lidd under krigen. Forhandlinger ble derfor innledet som endte med avtalen i den daværende fremste skotske kongeresidensbyen Perth i 1266. Her avstod den norske kongen Man og Sudrøyene til den skotske kongen, mot at sistnevnte anerkjente den norske kongens overherredømme over Orknøyene og Hjaltland (Shetland). Bispedømmet som Sudrøyene og Man utgjorde, skulle imidlertid fremdeles lyde under erkebiskopen i Nidaros. Skottene betalte en engangsavgift, og i tillegg lovte de den norske kongen en årlig avgift. At den regelmessige betalingen av årsavgiften opphørte etter få år, førte ikke til åpen konflikt. Hendelsene hadde vist at den norske kongen ikke hadde ressurser til å hevde sin overhøyhet over oversjøiske territorier når han ble utfordret av rivaler i området. Når heller ikke den lokale befolkningen med høvdingene i spissen sluttet opp om den norske kongen, ble det nærmest umulig å opprettholde norsk kontroll. Avtalen i Perth ble derfor en merkestein for den norske kongemakta i vest. Norgesveldet bestod likevel fremdeles. Magnus 6. Lagabøtes regjering ble preget av en forsiktig utenrikspolitikk, men desto sterkere politikk innenfor Norgesveldet for å bygge ut kongedømmets makt og forvaltningsapparat. Her er kong Magnus’ store lovarbeid med Lands- og Byloven fra henholdsvis 1274 og 1276, det fremste resultatet.
- Professor Jørn Øyrehagen Sunde: Lagmannen i Noreg og Skottland på 1200- og 1300-talet.
Noreg og Skottland er to rike som har og hadde mykje til felles. I begge finst det fjordar og fjell, fiske og husdyrhald er viktig, begge er avhengig av handel og har historisk hatt ein nær relasjon til England, i mellomalderen var 1100-talet ein avgjerande periode for både norsk og skotsk statsutviklinga, og på 1200-talet utvikla rettssystemet seg mykje begge stadar. På sett og vis kan ein seia at denne fellesskapen vart synleggjort gjennom giftarmålet mellom kong Eirik II og den skotske prinsessa Margrethe i 1281. Men det finst òg mange forskjellar mellom det norske og skotske riket i mellomalderen. Det er til dømes tilfellet med utviklinga av eit dommarembete på 1100- og 1200-talet. Dersom ein tenkjer seg at Sigurd Brynjulfsson til Aga var skotsk og ikkje norsk riddar og dommar, kva hadde då vore likt og ulikt det vi i dag veit om hans liv og virke?
BILLETTAR TIL KVELDFØREDRAGA KOSTAR 100,- OG KAN TINGAST VED HENVENDING TIL AGATUNET PÅ +47 474 79 902, OG SELGJAST ELLES I KAFÉEN FØR FØREDRAGA.
Tid
(Tysdag) 17:30 - 19:30
tys20aug10:00tys16:00Scottish and Norwegian relations and communalitiesFagseminar10:00 - 16:00

Om arrangementet
FAGSEMINAR: SCOTTISH AND NORWEGIAN RELATIONS AND COMMUNALITIES Tysdag 20. august kl 10-16 kan du verta med på norsk-skotsk mellomalderseminar i Lagmannsstova. Seminaret fortset onsdag 21, august på Baroniet i Rosendal. Seminaret har
Om arrangementet
FAGSEMINAR: SCOTTISH AND NORWEGIAN RELATIONS AND COMMUNALITIES
Tysdag 20. august kl 10-16 kan du verta med på norsk-skotsk mellomalderseminar i Lagmannsstova. Seminaret fortset onsdag 21, august på Baroniet i Rosendal.
Seminaret har fått tittelen Scottish and Norwegian relations and communalities – og føregår på engelsk. To forskare frå kvart land held foredrag over same tema, med komparative perspektiv. Programmet finn du under.
Til fagseminaret gjeld påmelding, og det er begrensa antall plassar.
Merk at det tysdag 20.8 i Agatunet vert sett opp eigne kveldsførelesingar på norsk.
PROGRAM TYSDAG 20. AUGUST – AGATUNET
- FAGSEMINAR
10.00-11.30:
Dauit Broun (Glasgow)
The Treaty of Perth – Union of the realm and the king’s law
Erik Opsahl (Trondheim)
The Treaty of Perth – Union of the realm and the king’s law
12.00-13.30:
Alice Taylor (London)
Law and administrative change in the kingdom of the Scots, 12th-early 14th centuries
Jørn Øyrehagen Sunde (Bergen)
Law and administrative change in the Norwegian kingdom, 12th-early 14th centuries
14.30-16.00:
Andrew Simpson (Aberdeen)
Procedures of the Scottish Common Law in a Medieval Town: A Fresh Look at the Aberdeen Burgh Court Roll of 1317
Miriam Tveit (Bodø)
Procedures of the Norwegian Town Law in 14th Century Small Towns
PRIS FOR DELTAKING; INKLUDERT LUNSJ: 400,-. PÅMELDING VIA BARONIETS HEIMESIDE: Meld deg på her!
- OPE KVELDSFØREDRAG KL. 17:30
Professor Erik Opsahl: Avtalen i Perth 1266 – en merkestein for den norske kongemakta
Professor Jørn Øyrehagen Sunde: Lagmannen i Noreg og Skottland på 1200- og 1300-talet.
BILLETTAR KOSTAR 100,- OG KAN TINGAST VED HENVENDING TIL AGATUNET PÅ +47 474 79 902, OG SELGJAST ELLES I KAFÉEN FØR FØREDRAGA.
Program onsdag 21. august – Baroniet i Rosendal
- FAGSEMINAR
10:00-11.30
Steve Murdoch (St.Andrews) Ships, Soldiers and Salt: Scotland and Scandinavia in the 17th century
Per Norseng (Oslo) Salt, timber and foreign trade in Southern Norway in the16h century
12:00-13:30
Professor John Ford (Aberdeen) The law and economy of shipwrecking
Professor Jørn Øyrehagen Sunde The law and economy of shipwrecking
14:30-16:00
Søren Koch (Bergen) Bergen, town law and North Sea trade
Brian Smith (Shetland) Shetland and North Sea trade
PRIS FOR DELTAKING; INKLUDERT LUNSJ: 400,-. PÅMELDINGSLINK KJEM.
Arr: Hardanger og Voss museum og Baroniet Rosendal
Tid
(Tysdag) 10:00 - 16:00
juli 2019
lau20jul12:00lau16:00SpinningHandverksdemonstrasjon: Rokk og handtein12:00 - 16:00

Om arrangementet
Spinnerskene Nicki Schad, busett i Skare, og Line Iversen, busett på Aga - kjem til Agatunet for å demonstrera det gamle handverket spinning av ull. Dei tek med seg både karder,
Om arrangementet
Spinnerskene Nicki Schad, busett i Skare, og Line Iversen, busett på Aga – kjem til Agatunet for å demonstrera det gamle handverket spinning av ull.
Dei tek med seg både karder, rokkar og handteiner og litt ymse fiber, og sit ute i tunet om vêret tillet det – elles finn du dei i Asbjørnsløa. Dei har med ekstra teiner og rokk om nokon har hug til å prøva.
Velkomne.
Tid
(Laurdag) 12:00 - 16:00
lau13jul14:00lau16:00Demonstrasjon II: Korgmaking14:00 - 16:00

Om arrangementet
Korgmakar Hege Wiken tek føre seg sitt eige fag, laurdag 13. juli kl 14-16: Wiken held føredrag og demonstrerar tradisjonshandverket korgmaking. Passar for alle.
Om arrangementet
Korgmakar Hege Wiken tek føre seg sitt eige fag, laurdag 13. juli kl 14-16:
Wiken held føredrag og demonstrerar tradisjonshandverket korgmaking.
Passar for alle.
Tid
(Laurdag) 14:00 - 16:00
lau13jul12:00lau14:00Demonstrasjon I: Korgmaking12:00 - 14:00

Om arrangementet
Korgmakar Hege Wiken tek føre seg sitt eige fag, laurdag 13. juli kl 12-14: Wiken held føredrag og demonstrerar tradisjonshandverket korgmaking. Passar for alle.
Om arrangementet
Korgmakar Hege Wiken tek føre seg sitt eige fag, laurdag 13. juli kl 12-14:
Wiken held føredrag og demonstrerar tradisjonshandverket korgmaking.
Passar for alle.
Tid
(Laurdag) 12:00 - 14:00
lau13jul11:30lau12:00Å vera og gjera samanOpning barneutstilling11:30 - 12:00

Om arrangementet
No opnar årets barneutstilling i Agatunet! Gjennom våren har me i Agatunet og born i Aga barnehage møttest, og snakka om sidar ved det å vera og gjera saman. Me vart
Om arrangementet
No opnar årets barneutstilling i Agatunet!
Gjennom våren har me i Agatunet og born i Aga barnehage møttest, og snakka om sidar ved det å vera og gjera saman. Me vart einige om at treffa skulle enda i ei utstilling i tunet.
Borna har fått læra om korleis livet arta seg i eit klyngetun i gamledagar, når alle budde tett på kvarandre og var avhengige av kvarandres hjelp for å berga seg og få gjeremåla unna.Dei har mellom anna vore saman med Lasse Aga, ein av dei siste på Aga som vaks opp i tunet, og høyrt han fortelja – i stova der han levde med familien sin. Dei har høyrt om riddar Sigurd i Lagmannsstova, korleis han som lagmann skulle syta for å skilja mellom rettvise og urett, og korleis skjoldet hans fremleis er nytta som symbol i Ullensvang herad, som eit samlande symbol.
Dei har vore på kunstverkstad med Iben Amelie Mansfeld (som og stillar ut i tunet i sommar) og formidlingsleiar Line Iversen og laga ein stor installasjon av naturmaterialar og ting dei fann kring seg. Som grunnlag for installasjonen er nytta eit fiskegarn, eit nett som heng saman med seg sjøl, som dei gjennom å samarbeida kunne gjera til noko anna.
Me har snakka om naturen og korleis den gjer oss det vi treng, berre vi tar vare på han, men og om kunst – kva det er og kva den kan gje oss, at me menneskje og treng kunsten – at me har kjensler og lengsler som går forbi sulten og tørsten og dei grunnleggjande fysiske behova, og korleis me vert glade av det som er fint. Me har snakka om korleis me treng kvarandre.
I Aga barnehagehar dei dette året hatt sosial kompetanse som prosjekt, og arbeidd mykje med å dela, samarbeida, hjelpa og vera venar – og linjane mellom dette prosjektet og kunstutstillingsprosjektet har vore mange og rike.
Borna har måla skjold, teikna og laga kunst i barnehagen, og teke med seg inspirasjon fra utstillingsarbeidet på turar i nærområdet, der dei mellom anna har laga landskapskunst i fjøro.
Me er stolte av å kunne visa frem dei flotte arbeida til borna på Aga! Kom og sjå dei du og!
Du finn utstillinga i Johansstovekjellaren.
Utstillinga opnar laurdag 13.7.19 klokka 11:30, og står til og med 1. september.
Velkomne!
Tid
(Laurdag) 11:30 - 12:00
juni 2019

Om arrangementet
Vekomne til eit nytt og spanade føredrag om mellomalderhistoria vår! Frå 1263 til han døydde i 1280 sat Magnus VI Håkonsson på den norske trona, og i 1274 gav han Landslova,
Om arrangementet
Vekomne til eit nytt og spanade føredrag om mellomalderhistoria vår!
Frå 1263 til han døydde i 1280 sat Magnus VI Håkonsson på den norske trona, og i 1274 gav han Landslova, det fyrste riksdekkjande lovverket i Noreg, og eit av dei fyrste som vart gjeve i Europa i det heile. For dette er han kalla Lagabøte – lovforbedraren. Dette lovverka forvalta og handheva vår eigen Sigurd Brynjulvsson på Aga, lagmannen og riddaren.
Landslova av 1274 var ikkje berre det fyrste felleslovverket me hadde, det var og eit lovverk som utmerka seg gjennom å mellom anna sikta på å avhjelpa fattigdomsproblemet i det norske riket og gje rettsvern til vanskelegstilte og trengande gruppar. Magnus Lagabøte førte aldri krig, han gav eit lovverk som verna dei svake, han bygga hospitaler, han styrka og utvikla statsforvaltningsapparatet, og han donerte store summar til dei fattige i testamentet sitt. Lovboka hans var meir utbreidd og nytta enn nokon anna lovbok før den franske revolusjon. Landslova fekk ei verkningshistorie på over 400 år. Norsk historieskriving har i fleire århundrer streva med å forstå motivasjonen til denne fredsæle, institusjonsbyggjande konge som skil seg så markant ut mellom dei andre kongene i den norske stormaktstida i høgmellomalderen. Kven var han?
Onsdag 26.6.19 klokka 18:30 skal me få læra meir om denne interessante kongen. Jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde og førsteamanuensis i arkeologi Alf Tore Hommedal, begge frå Universitetet i Bergen, kjem til Agatunet og Lagmannsstova for å fortelja om Magnus, kongssonen som ikkje eigentleg skulle verta konge, men som enda opp med å verta ein av dei viktigaste kongane me nokon gong har hatt.
Saman arbeider Øyrehagen Sunde og Hommedal om ein ny fortolkning av lovgiverkongens livsverk. Desse to møtest i mellomalderhistoria og freistar saman å gripa nokre av tankane og haldningane til Kong Magnus Lagabøta. Føredraget tek opp interessa Kong Magnus hadde for fransiskanarane, ordenen som vart grunnlagt av Frans av Assisi i 1209, som og etablerte seg i Noreg – i Bergen allereie kring 1240. Me veit at Magnus fylgde førelesingar hjå fransiskanarane. Kan me spora ideologien til fransiskanarane i Kongens styring? Då Kong Magnus Lagabøte døydde 9. mai 1280, hadde han valt seg gravstad i fransiskanarkyrkja i Bergen, dagens Bergen Domkirke. Kvifor valde Kongen å bli gravlagd hjå fransiskanarane og ikkje i Kristkyrkja, den tradisjonelle kongelege gravkyrkja som låg på dagens Bergenhus? Der låg kongane før han gravlagde, både far, bestefar og oldefar til Kong Magnus. I føredraget vil du mellom anna møta Kong Magnus både som juridisk reformator – lovbøtaren – og som kongeleg byggherre.
Det vert høve til spørsmålsrunde etter føredraget.
Vel møtt!
Tid
(Onsdag) 18:30 - 19:30

Om arrangementet
Jørn Øyrehagen kjem attende til Agatunet for eit nytt føredrag om historia på Aga. Det er ein kunst å kunna leve tett på sine naboar i eit klyngetun utan å koma
Om arrangementet
Jørn Øyrehagen kjem attende til Agatunet for eit nytt føredrag om historia på Aga.
Det er ein kunst å kunna leve tett på sine naboar i eit klyngetun utan å koma i konflikt. For å lukkast bør ein helst ha mange og gode reglar for korleis ein skal oppføra seg, og gode måtar å handheva på. Landslova av 1274 og Sigurd Brynjulvsson sitt virke var sikta inn på dei områda som ikkje var regulert av naboskapsreglar, eller når handhevinga av desse reglane svikt. Det var dermed eit fint og nødvendig samspel mellom kongeleg lov og lagmann på den eine sida, og naboskapsreglar handheva på tunet på den andre.
Velkomne til eit spanande føredrag!
Tid
(Torsdag) 18:30 - 19:30
lau15jun16:00Konsert med vokalensemblet Glimraha capella renessansetonar i Lagmannsstova16:00

Om arrangementet
A capella konsert i Lagmannsstova med vokalensamblet Glimrah! På songlista denne dagen står ressesansesongar og folketonar. Dette vert garantert ei stemningsfull oppleving Om ensemblet: Glimrah består av 7 kvinner med base i
Om arrangementet
A capella konsert i Lagmannsstova med vokalensamblet Glimrah! På songlista denne dagen står ressesansesongar og folketonar. Dette vert garantert ei stemningsfull oppleving
Om ensemblet:
Glimrah består av 7 kvinner med base i Kvinnherad, som har sunget saman i 3 1/ 2 år.
Repertoaret spenner frå middelaldersongar og renessansetonar, folkemusikk og romantiske songar fram til samtidsmusikk.
Dei syng stort sett a capella, men gjer og konsertar med pianist, og samarbeid med med dansere og fiolin. I Agatunet held dei ei rein a capella konsert.
Songarane i Glimrah er: Gjertrud Sydnes Furdal, Lene Taranger Bernhardsen, Ingvild Toskedal, Maria Malmsten, Renate Koløy, Lina Frimannslund Storegjerde og Hallgjerd Hegland.
Maria Malmsten er kunstnarleg leiar for Glimrah Vokalensemble, ho er utdanna songar og sangpedagog og aktiv som dirigent for fleire kor.
Me gler oss til ei stemingsfull konsert i Lagmannsstova.
Billettar selgjast i kaféen i Agatunet. Billettpris: 200.
Sesongkort gjev 10% rabatt.
Tid
(Laurdag) 16:00
sun09jun11:00GudstenesteFyrste pinsedaggudsteneste i vakre Agatunet11:00

Om arrangementet
Om arrangementet
Tid
(Sundag) 11:00
mai 2019
lau11mai16:00lau16:30Knut Hamrekonsert16:00 - 16:30

Om arrangementet
I samband med sesongopninga i Agatunet er me stolte av og glade for å invitera til konsert med Knut Hamre i Lagmannsstova. NB! Opningsprogrammet avhaldast i Asbjørnsløa klokka 15, og etter
Om arrangementet
I samband med sesongopninga i Agatunet er me stolte av og glade for å invitera til konsert med Knut Hamre i Lagmannsstova.
NB! Opningsprogrammet avhaldast i Asbjørnsløa klokka 15, og etter programmet vert det to konsertar, klokka 16:00 og 16:45. Konsertane er inkluderte i billetten til opningsarrangementet.
Knut Hamre er ein av dei fremste folkemusikkutøvarane i landet, og nestoren blant hardingfelespelarene i Noreg. Hamre er ein vidkjent spelemann med ein usedvanleg sterk innleving og formidlingsevne, og med ei lang merittliste og ei lang rekkje plateutgjevingar bak seg. I 2017 vart han utnemd til kommandør av St. Olavs orden for sin fremragande innsats for norsk folkemusikk. I 1998 vann han ein Spelemannspris saman med Bjarne Herrefoss og Hallvard T. Bjørgum for albumet Toneflaum. Han har og vunne Myllargutprisen (1986), Edvard Griegprisen, Hilmar Alexandersens minnepris i 1993 og Anders Kjerlands minnepris i 2000. Han har vore sentral i innsamlingsarbeid av folkemusikk i Hardanger. Han har og vunne Landskappleiken heile sju gonger. Han har arbeidd som fylkesmusikarar og kulturskulelærar, har vore sentral i Hardanger Spelemannslag og arbeidar mellom anna som lærar for Masterclass Hardanger. Han er ansett som ein dyktig pedagog, og har på alle måtar vore ein svært viktig person for å bevara og vidareføre tradisjonen i Hardanger.
Velkomne til ei stemningfull oppleving i Lagmannsstova, med ein av dei fremste folkemusikarene me har!
(Foto: Elisabeth Emmerhoff)
Tid
(Laurdag) 16:00 - 16:30
Billettsal
Billettar selgjast i kaféen på arrangementsdagen. Konsert er inkludert i arrangementsbilletten.
lau11mai15:00Sesongopning 2019Velkomen til ein ny sesong i vakre Agatunet!15:00

Om arrangementet
Laurdag 11. mai 2019 klokka 15 er det sesongopning i Agatunet. Opning av årets utstillingar, musikalsk innslag og talar. Årets utstillingar: Agamåleri av Lars Osa, smykkekunst av May Helen Bleie og Siri
Om arrangementet
Laurdag 11. mai 2019 klokka 15 er det sesongopning i Agatunet.
Opning av årets utstillingar, musikalsk innslag og talar.
Årets utstillingar: Agamåleri av Lars Osa, smykkekunst av May Helen Bleie og Siri Berrefjord.
Etter programmet vert det konsert med Knut Hamre i Lagmannsstova. Det vert to konsertar – ein klokka 16:00 og ein klokka 16:45. Inngong til konsertane er inkludert i arrangementsbilletten.
Tid
(Laurdag) 15:00
Billettsal
Billettar selgjast i kaféen på arrangementsdagen. Konsert er inkludert i arrangementsbilletten.
mars 2019

Om arrangementet
Ullensvang kommune treng kommunevåpen, og du kan teikne det! Kom på inspirasjonsmøte i Agatunet. Det har vorte beslutta at Ullensvang kommune sitt kommunevåpen skal ta utgangspunkt i
Om arrangementet
Ullensvang kommune treng kommunevåpen, og du kan teikne det! Kom på inspirasjonsmøte i Agatunet.
Det har vorte beslutta at Ullensvang kommune sitt kommunevåpen skal ta utgangspunkt i Ullensvang herad sitt. Dette har henta motivet sitt frå våpenskjoldet til riddaren, lagmannen og herren til Aga – Sigurd Brynjulvsson, som levde i Agatunet ca. 1235-1303.
Korte føredrag og teikneverkstad for store og små.
Ope kafé!
Ullensvang kommune har lyst ut ein idékonkurranse, med innleveringsfrist 13.03.19, og ein premie på 5000 kroner.
Agatunet inviterar til inspirasjonsmøte fredag 01.03.19 klokka 17, der du både kan læra litt om bakgrunnen for våpenskjoldet som skal liggja til grunn for det nye kommunevåpenet, teikne og kosa deg med kaffi og drøs i kaféen.
Varaordførar i Ullensvang herad, Kåre Grønsnes (SV) kjem og fortel litt om prosessen kring det nye kommunevåpenet og idékonkurransen.
Guttorm Rogdaberg fortel om bakgrunnen for bruken av våpenskjold, når og korleis dei fann vegen til Noreg, og kva Sigurd Brynjulvsson sitt våpenskjold kan seie oss om hans status og posisjon. Det var ikkje kven som helst som hadde eigne våpenskjold!
Føredraga startar 17:15 i Johansstova.
Me held kaféen ope frå 17-19, og riggar til teikneverkstad for store og små i Grønestova i kafébygningen.
Gratis inngong!
Velkomne alle!
Sjå konkurranseutlysinga her:
http://ullensvang.kommune.no/idekonkurranase-teikn-vart-nye-kommunevapen/
Tid
(Fredag) 17:00 - 19:00