– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Ei brei grusveg mellom gamle hus. mot enden av vegen ei gruppe mennesker som lyttar til ein omvisar. Det er ein fin solskinnsdag, og skygge fra husa til venstre ligg over halve vegen.
Ei skrånande veg med trakkheller mellom gamle, umåla bygninger - ein med helletak og ein med torvtak, ned mot ei gamal løe. Det er skumring, og litt snø på fjella bak løa. Stemningsfullt ljos fra utelampa på løo reflekterar i trakkhellene, dei skin.
To menn sett bakfrå gjeng mellom gamle, umåla bygninger. Ein av dei nyttar to krykker. Dei føl ein sti av trakkheller over graset. Bak husa ser ein høge fjell. Husa har skifertak med store heller.

Tilgjenge i tunet

 

Har du ei funksjonsnedsetting og lurar på korleis eit besøk i Agatunet vil fungera? Ring oss gjerne på 47 47 99 02 for å planleggja ditt besøk og for at me kan tilrettelegge best mogleg for deg.

 

 

Agatunet er eit gamalt, freda tun, og langt frå universelt utforma. Me jobbar med å tilrettelegge for best mogleg tilgjenge, og har fokus på å forbetra dagens situasjon.

 

PARKERING OG TILKOMST

Me har ikkje HC-parkering, og gjesteparkeringa ligg nokre hundre meter nord om tunet. Men: Like nedanfor tunet finst ei tilsettparkering som du kan nytta etter avtale om du kjem med spesialtilpassa bil. Det er og høve til å kjøre opp ein liten traktorveg på nordsiden av tunet, for å sleppe av folk i uteområdet vårt og slik unngå bakken opp i tunet. Merk at det ikkje er flatt på toppen av bakken.

 

UTEOMRÅDET

Vegen opp i tunet har greit dekke, men helling, og krev ei viss armstyrke om du er manuell rullestolbrukar. Det er sjølvsagt gratis inngang for ledsager.

Det sentrale uteområdet er romsleg, flatt og med dekke av hardpakka grus, og er greit å bevega seg rundt i, bak i tunet er det meir gras og trakkheller og kan vera krevjande utan ledsager om ein sit i rullestol eller har andre rørslenedsettingar. Me har godt med sitteplassar utandørs, både uteservering ved kaféen og benkjer rundt i heile området.

 

TOALETT

Me har diverre ikkje universelt utforma toalett enno. Toaletthuset har trinn og høg terskel inn, og det er lite plass inne i sjølve bygget.

 

HUSA

Dei fleste bygningene er ikkje mogleg å koma inn i med rullestol per. 2023. Huset med kafé, resepsjon, kunstutstilling og butikk har tilkomst via ei provisorisk rampe på baksida, men det er dels høge terskler inne i bygningen. Nokre døropningar har berre 80cm breidde.

Me har og serveringslokale i Asbjørsløa, der er trinnfri adkomst. Denne løa nyttast og til ulike arrangement. Vegen ned er gras og trakkheller, lett skrånande.

Fleire av husa som står opne for publikum har trapp inn. Det er rekkverk eller handløparar dei fleste stader, men desse er originale, og oppfyllar ikkje dagens tekniske krav.

 

OMVISING OG UTSTILLING, HØRSEL OG SYN

Me har ei grundig og utfyllande skriftleg førar ein kan låna med seg om ein vil oppleva tunet på eige hand, eller lese om bygningene det er vanskeleg å koma inn i. Denne ligg og på nett for opplesing – QR-kode får du i resepsjonen/kaféen.

Lagmannsstova – mellomalderstova som vitjast mot slutten av omvisinga – har ei ganske bratt trapp opp.

Kjellerromma i mellomalderbygningen nyttast til utstilling og leikerom, her er ei fysisk hindring i front av inngangspartiet – i form av ei høg tverrliggjande stokk. Me arbeider med å få på plass ei rampeløysing for dette.

Fleire av bygningene har ikkje innlagt strøm, og difor kun naturleg og dels dårleg belysning. Du kan låna lykt i kaféen. Me jobbar med å få synstolka utstilt innhald i tunet.