Foredrag: Mellom Land og Lov
lau17aug15:00lau16:00Foredrag: Mellom Land og LovEit historisk forteljarprogram
Om arrangementet
Velkomen til ei unik oppleving på Agatunet, der me inviterer deg til å stige inn i fortida med vårt historiske forteljarprogram: “Mellom Land og Lov”. Her, omgjeve av tømmerveggar som har
Om arrangementet
Velkomen til ei unik oppleving på Agatunet, der me inviterer deg til å stige inn i fortida med vårt historiske forteljarprogram: “Mellom Land og Lov”. Her, omgjeve av tømmerveggar som har vitna århundrer av norsk historie, får du ei sjeldan moglegheit til å høyra om livet og lovene som forma Noreg, med særleg fokus på landslova av 1274, stadfesta av kong Magnus Lagabøte.
Dette programmet er meir enn eit foredrag; det er ei tidsreise som knyter saman lagmannen si viktige rolle og det fundamentale skiftet landslova innførte i norsk rettshistorie. I Lagmannsstova, ein bygning som sjølv er eit monument over rettferd og styring, kan du høyra soger, der dei faktisk hende, og på ein måte som gjer fortida levande og nærværande.
Vel møtt til ei uforgløymeleg oppleving der fortid møter notid i eit autentisk miljø.
Medverkande:
Guttorm A. Rogdaberg, vår hovedforteljar, er ein kjend kulturvernarbeidar og ekspert på mellomalderen. Han fortel om Noregs historiske og juridiske arv på ein levande og autentisk måte.
Reidun Horvei, er fylkeskvedar i Vestland og har i ei årrekkje turnert med musikalske foteljarprogram som formidlar historiske tema.
Inger-Kristine Riber, vår musikalske leiar, med ein fot i både den klassiske og moderne musikkverda, skapar ho eit unikt lydbilete som komplementerer våre forteljingar.
Anne Hesvik, ein fremstående kunstnar, tilfører ei visuell djupn til framsyningane med tavler ho har dekorert med ornamentikk og symbolikk. Arbeidet hennar gjev ein visuell resonans som forsterkar forteljingane.
Billettar: kr 200,-/150,-
NB: Kun 50 billettar. Restplassar vert tilgjengelege i kaféen i Agatunet på sjølve framsyningsdagen frå kl 11.00.
Billettsal på nett
Kjøp billettar herProgram
lau10mai11:00lau17:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.