Kaféen og Grønastova
![IMG_0446](https://agatunet.no/wp-content/uploads/2023/01/IMG_0446-scaled.jpg)
Trivelege rom
Me har hyggelege lokale i Lensmannsstova, både eit intimt og koseleg rom i direkte tilknytting til kaféen, og den litt større Grønastova der me kan dekke fleire langbord.
I opningstidene er det kafé i huset, og her finn ein og storparten av sesongens kunstutstillingar. Her finst óg eit piano.
Lokala er oppvarma i haust- og vinterhalvåret.
Høver for mindre og større grupper. Store grupper må fordelast mellom dei to romma. Og fine lokale å nytta i kombinasjon med middag i Lagmannsstova, og middag, konferanse eller møter i Johansstova.
Kapasitet:
Kaféen: ca. 14 personar (fordelt på 2 bord)
Grønestova: ca. 25 personar (dekka i hestesko)