– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Besøk

Velkomen!

Opningstider 2024:

  • 18. juni – 01. september: mandag – sundag 11:00 -17:00
  • 02. september – 15. desember: etter avtale

Stengt i påsken og jula. Ope Kristi Himmelfartsdag og i pinsen.

Arrangementer annonserast særskilt, både innan- og utanfor ordinær opningstid. Sjekk programseksjonen!

 

TILGJENGE: Les meir om om tilgjenge i tunet på denne sida: Tilgjenge

 

Agatunet tek i mot besøkande heile året, etter avtale og kapasitet. Grupper som ynskjer omvisingar og liknande – ta kontakt for eit tilbod!

I blant har me arrangement og kafé o.a. utanom sesong – annonserast på nettsida og i sosiale media!

 

Besøksadresse: Aga 90, 5776 Nå
Kontakt: Tlf. 474 79 902 /

 

Billettar 2024

  • Born under 16 år: Gratis
  • Enkeltbillett vaksen (over 16 år): 120,-
  • Student: 70,-
  • Grupper over 15 personar i opningstid: 105,- pr. pers.
  • Sesongkort: 200,- (vaksen) / 90,- (student).
  • Sommarpass: 120,- (TBC)
    (Kjøpast på fyrste besøksstad og gjev halv pris på eitt besøk ved alle dei øvrige besøksstadane. Med i ordninga er alle avdelingar i Hardanger og Voss museum, Kraftmuseet, Haugesenteret og Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark (merk at somme stadar har reduserte opningstider.).
  • Grupper inntil 15 pers utanom opningstid: Minstepris 1750,-. Ta kontakt for avtale.
  • Turoperatører: ta kontakt for priser.

_________________________________

 

 

Slik kjem du hit:


Agatunet ligg ved fv 550, mellom Odda og Utne.
Like før Agatunnelen tek du inn på «gamlevegen» (følg skilting Agatunet).
GPS-koordinatar:

Lat
Lon
  • Med bil/sykkel: Du kan koma hit via Odda, Jondal eller Utne (ferje frå Kinsarvik og Kvanndal).
  • Ferjeruter til Utne: >>>Ferje frå Kvanndal og frå Kinsarvik
  • Til fots/sykkel/kollektivt: Du kan reise med buss til Agatunet. Linje 980 mellom Jondal og Odda stoppar på Aga, anten like nedanfor tunet (merkt «c» i ruta), eller på «nyevegen» ca. 7 minutt til fots frå Agatunet.
    Frå Bergen kan du ta linje 930 gjennom Kvam, til Jondal eller Odda, og byte til 980 der.
    Du kan ta linje 925 til Kvanndal, frå Bergen via Kvam, og frå Voss. Denne korresponderar med ferja til Utne, og med linje 980, som stoppar på Utne kai.
  • Båttransport – Aurora of the Fjords: The Fjords kjøyrer ei rute mellom Eidfjord, Ulvik, Lofthus, Aga, Nå, Tyssedal og Odda. Billett og rutetidar finn du her. Ein kan nytta båten til transport, eller tinga skreddersydde pakker med sidersmakingar, måltid og kulturhistoriske opplevingar – finn oversyn her.
  • Hurtigbåt: I sommarsesongen mai-september går det hurtigbåt mellom Eidfjord og Norheimsund med stopp på Utne. Ruta finn du her. Du kan reise vidare frå Utne med buss linje 980.
  • Med eigen båt: Nytt GPS-koordinatane 60,4260/6,6187.
    Djupvannskai: Ved naustrekkja nedanfor tunet (ca. 7 meter).
    Småbåthamn med gjesteplass på Aga.
    Kontaktperson: Lars Aga Reisæter tlf. +47 915 39 541

Parkering:

På oppmerkt og skilta plass ca. 300 meter nord for tunet.
Me ber om at syklar vert henstilte så dei ikkje er til sjenanse.
NB! Parkeringa like nedanfor Agatunet er privat og kan ikkje nyttast.


Overnatting

Det er ikkje tilbod om overnatting i Agatunet, men det er mange moglegheitar i nærmiljøet, både hotell og privat innkvartering.

Hardanger fartøyvernsenter