– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Skular og barnehagar

Kom på vitjing!

Me tek i mot barnehagar, elevar på alle trinn i skulen til ulike undervisningsopplegg i Agatunet.
Ta kontakt om de er interessert i å vitja det vakre tunet vårt!

Nokre undervisningsopplegg inviterar me til særskilt, og nokre er utvikla til utstillingane, men me tilpassar oss óg gjerne ynskje frå skular eller barnehagar. Me fortel gjerne historia om tunet, og elles er aktuelle emne for fordjupning på til dømes mellomalder, rettshistorie, fruktdyrking, jordskifte, husmannsvesen og bygningshistorie. Er det noko heilt anna de er opptekne av? Berre ta kontakt, så finn me ut av det i lag!

Me kan og tilby opplegg med praktisk innhald, til dømes kring handskrift med gamle reiskap, gamle handverk som spinning, og bruk av verkty som øks og naver.

 

 

Ta kontakt med formidlingsleiar Line B. Iversen på 944 96 984 eller line.iversen@hvm.museum.no om du har spørsmål eller ynskje om undervisningsopplegg i Agatunet.