– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Splitta material

Felicitas Aga i sitt atelier i London

Velkomen til kurs i fletting i splitta material, her kan du laga kipe eller korg.

Kurset vert arrangert i samarbeid med Folgefonn husflidslag. Lærarar er Hege Iren Aasdal og Samson Øvstebø – dei har dei seinare åra kjobba med fleire typer tradisjonelle korger i prosjekt gjennom Norsk Handverskinstitutt, der Hege no og er stipendiat.
Fordypinga hennar er nettopp korger i splitta material.

På kurset vert det undervist i ulike og grunnleggjande teknikkar i alle ledd av prosessen, og ein kan velgja mellom kipe, aktarkorg eller snik.

Det vert utlån naudsynt verktøy (inkludert i prisen), men ta gjerne med forkle/skinn til å i fanget, tynne arbeidshanskar og hagesaks. Materialkostnad kjem i tillegg, og ligg mellom 5-700kr alt etter kva korg ein vel.

Kurspris 4200/3700 (medlem Norges husflidslag). Kaffi/te og varme måltid laurdag og sundag er inkludert i prisen.

Påmelding til agatunet@hvm.museum.no innen 07.10.22. Avmeldingsfrist 14.10.22. Ved spørsmål, ring Line Iversen på 944 96 984.
Velkomen på kurs!

I Hardanger og Voss museum har me mange spanande kurs, se oversikt her.