– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Om oss

Eit uforlikneleg tun! 

Agatunet er eit unikt kulturminne, eit autentisk og freda klyngetun. Her står husa og forteljingane tett. På Aga har det vore bosetting siden steinalderen, og det eldste huset som står i Agatunet er 800 år gamalt.
 
Her har har det budd riddarar og bønder, stortingsmenn, jakteskippere og husmenn – her har ein jobba og levd, tett på einannen, i generasjon etter generasjon. Her har vore rettslokale, kapell, telegraf, og skule.
 
I Agatunet er ikkje bygningane tilflytta, men står der dei sto når Agatunet vart freda etter jordskiftet i 1937, og etterkvart mest fråflytta i etterkrigsåra.

Her finn du linjene frå mellomalderens storgard til bondelandsbyen med mange brukarar og eit yrande liv.
Gardane kring tunet er framleis bebudde av familiane som flytte ut or tunet for 70 år sidan. Dei held stadig jorda i hevd. Enno sit det stundom nokon og drikk kaffi på steintrappa som vaks opp her.
 
Agatunet er ein heilt spesiell plass med ein heilt spesiell atmosfære – eit nasjonalt kulturminne som tek deg tett på mange ulike sider av historia vår.
Agatunet er eigd av Stiftelsen Agatunet, og sidan 2006 vore drifta av Hardanger og Voss museum 
 
 
Foto: Ingerid Jordal