Tett på historia
Planlegg besøket ditt
Finn di beste oppleving!
Agatunet er eit unikt kulturminne, eit autentisk og freda klyngetun
– som ligg vakkert til mellom fjord, fjell og frukttre.
Her står husa og forteljingane tett.
Arbeid i Lagmannsstova 7.–17. juli
I perioden 7.–17. juli skal me i gang med oppmåling og dokumentasjon av golvet i Lagmannsstova.
I samband med dette vil Lagmannsstova vere delvis stengd. Det vil ikkje vere mogleg å gå inn i stova medan arbeidet går føre seg, men det vil framleis vere mogleg å sjå inn frå døropninga.
I fjor vart to golvbord i det øvste golvet løfta på grunn av svikt. Då vart det avdekt eit eldre golv under.
Før det øvste golvet kan bli demontert, er det viktig å dokumentere det grundig. Difor skal vi no gjennomføre oppmåling og oppteikning av golvet som ein del av det vidare bevaringsarbeidet.
Kanskje gøymer det seg fleire spennande detaljar under golvet?
Program
for arrangement og utstillingar ved Agatunet