– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Historia

Agatunet

– historiar tett i tett

Agatunet er eit av dei få bevarte klyngetuna me hadde så mange av i Noreg i tidlegare tider. I tunet finn ein eineståande døme på vestnorsk byggjeskikk frå mellomalderen og fram til i dag. Her finn du Noregs eldste kjende rettsal, ein riddarresidens og spor etter mange år med kvardagsliv.     

Det er mange gode grunnar til å bli med på ei omvising!

 

Den gamle storgarden Aga har gjennom historia vekse til eit innhaldsrikt klyngetun, vakkert plassert mellom fjord og fjell i Indre Hardanger. 45 av bygningane vart freda i samband med jordskiftet i 1938. 30 av desse inngår i dag i Stiftelsen Agatunet. Dei siste 20 åra har tunet vore ope for publikum i sommarhalvåret, med omvising, kafé, utstillingar, konsertar, servering og arrangement, og driftast i dag av Hardanger og Voss museum.

Det har truleg budd folk her i over 3700 år. Det finst fornminne både i og utanfor tunet, som til dømes gravhaugar, offergroper og helleristingar.

Det eldste noverande huset er Lagmannsstova, som vart bygd rund 1220 av slekta til riddaren, riksråden og gulatingslagmannen Sigurd Brynjulvsson. Lagmannsstova var bygd som eit administrasjonsanlegg etter europeisk modell, og vart nytta som representasjonsbustad og rettslokale. I dag er Lagmannsstova det einaste huset av sitt slag i Noreg, og eit av dei best bevarte sekulære mellomalderbygg me har i landet.

Sigurd Brynjulvsson drukna i 1303, og då vart garden delt mellom døtrene hans. Seinare har garden vore delt fleire gonger. Det var på det meste ni bruk, 16 husmannsplassar og om lag 200 innbyggjarar i og utanfor tunet.

Garden har vore sentral når det gjeld fruktdyrking, handel over Hardangervidda og jaktefart til Bergen og Nord-Noreg, den har hatt kapell, skule, landhandelsmann, postkontor og telegrafstasjon.

Her står historiane enno tettare enn husa!