– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Bleiediplomet

Replika av Bleiediplomet. Foto: Line B. Iversen

Bleiediplomet

– eit historisk rettsdokument

«Alle Guds vener, verande og tilkomande, dei som ser eller høyrer dette brevet, sender Sigurd lagmann, Torolv på Jåstad, Peter på Sponheim og Jon prest, Guds og si helsing.»

Slik byrjar mellomalderbrevet me no kjenner som Bleiediplomet – som er den eldste fullstendige skildringa av ei domsavgjerdsle me har i Noreg.

26. mai 1293 var det ført sak og inngått forlik i Lagmannsstova, hjå lagmann Sigurd Brynjulvsson.  Bleiediplomet er domsavgjerdsla i ein tvist mellom bønder på Indre og Ytre Bleie om mellom anna gjerdehald, beiterett og fordeling av legd.

På grunn av Bleiediplomet anerkjenner ein i dag Lagmannsstova i Agatunet som landets eldste rettslokale.

Diplomet kom til dåverande Bergen museum kring 1825, og inngår i dag i Universitetsbiblioteket i Bergen si spesialsamling. Det er skrevet på norrøn, på pergament, og har hatt fire (i dag tapte) segl.

I Agatunet har me ein replika av dette oppsiktsvekkande diplomet, som du kan oppleva på staden der det vart gjeve for trekvart årtusen siden.