– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Omvising

Bli kjend med Agatunet

– klyngetunet med historiar tett i tett!

Ein gong i timen gjennom frå klokka 12 er det omvising med guide i tunet.

Fyrste omvising startar klokka 12, siste klokka 16. Vil de ha omvising klokka 11, ta kontakt.

Omvisinga er inkludert i billetten.

Påmelding i kaféen, og oppmøte ved trappa opp til kafé.

Det er høve til å hive seg på undervegs om ein ikkje skulle få med seg oppstarten, såfremt det er plass.

Omvisinga varer i  ca. 45 minutt. Ein får ei innføring i Agatunet si lange og rike historie, høyre om den gong Aga var eit maktsentrum i Noreg, og ikkje minst komma inn i den staselege ridderhallen Lagmannsstova frå ca. 1220.

Omvisinga er i utgangspunktet på norsk, men vert gjeve på engelsk når det trengs. 

Vil ein vandre i tunet på eigehand, finst ein innførande falder ein kan ta med seg på vandringa. Denne er til låns i kaféen der ein løyser billett.

Det er høve til å tinga eige omvising for grupper, óg utenom sesong. Ta kontakt, så finn me ei løysing som høver di gruppe.

 

Velkomne til ei lærerik omvising i det vakre og spanande Agatunet!