– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Riddarklubben

Leikerom

 

Den søndre kjellaren i Lagmannsstova, huset der det ein gong budde ein ekte riddar, har vorte aktivitetsrom. Her kan ein for eksempel teste riddarhesten, prøve ut ein ekte kongestol, studera skatten som er gjøymt i golvet, kle seg ut, byggje borg og leike med riddarar, ri kjepphestar, teikne, formgje sitt eige våpenskjold og læra litt om mellomalderen.

 

Aktivitetsrommet er ope for alle born frå ca. 4 år. Me ber om at føresette held oppsyn med borna og syter for at ting vert lagt attende på plassen sin. Takk for hjelpa!

 

Kva var ein riddar eigentleg?
Ein riddar var ryttar og krigar. Han hadde ansvaret for å skaffa enn og hestar til kongen om det vart naudsynt. Men det var og viktig at ein riddar stod fram som eit godt døme – han skulle utvisa  høvisk åtferd og å vere respektfull overfor andre – ideal som passar like godt i dag som i mellomalderen.

 

Med riddarrommet vil me ta vare på og utvikla born si interesse for historie på  lystbetont og leikande vis. I sentrum står den heilt spesielle historia knytt til Sigurd Brynjulvsson, riddaren og lagmannen som budde i den gamle storstova på Aga. Me arbeidar med å utvikla det barneretta formidlingskonseptet kring lagmannen og riddarrommet, så fylg med her på nettsida og i tunet!