Krotakakebaking
Krotakake
Frå midten av juni til midten av august kan du kvar torsdag oppleva baking av krotakaker i Agatunet. Bakinga vert organisert av Vikebygd og Aga bygdekvinnelag.
Krotakaker er tradisjonskost frå Hardanger. Baksten er runde, flate leiver det vert prega eit rutemønster i.
Dei liknar flatbrød, men er baka med gjær – noko som ikkje er vanleg for lefsebakst. Dei er i hovudsak laga av rugmjøl, med litt kveite. Dei kan innehelda mjølk, eller berre vatn. Krotakakene vert ete til både salt- og søtmat, og kan etast turre, eller oppbløytte – slik at dei vert mjuke.
Kakene vert steikte på bakstehelle i vedfyrt omn. Ein nytter ljosor til brensel. I tidlegare tidar hadde dei gjerne ein bakedag i halvåret, der ein samlast og bakte store mengder, som vart lagde i la i store trekasser, og skulle rekke til neste bakedag.
Me bakar kvar torsdag
I skuleferien bakar Vikebygd og Aga bygdekvinnelag krotakaker i bakstekjellaren. Her kan du både sjå dei røynde bakstekonene i aksjon, få smake ein bete, og kjøpa med deg nybaka krotakaker heim.
