– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Utstillingar

Eit vers frå Håvamål i vakker kalligrafi på ein fargerik bakgrunn

2024

I Agatunet har me kvar sesong nye kunstutstillingar. Den frivillige kunstgruppa legg ned eit stort og flott arbeid med å finna interessante, flotte kunstnare, og kuraterar kvart år spanande kunstutstillingar.

 

I 2024 er desse kunstnarene klare til å stille ut i Agatunet:

  • Anne Hesvik
  • Bas Vlam

 

I tillegg har me ei barne- og ungdomsutstilling. Me inviterar Kulturskulen sine kunstfagelevar elevar til å la seg inspirerast av tunet og laga utstilling.

 

Aga barnehage lagar kvart år ei utstilling som monterast i Jakobsbua, og som veks fram i samarbeid med vår formidlar.

 

I Agatunet heng og mange flotte gamle bilete frå livet i tunet, og mange av Georg Fredrik Fasting sine akvareller frå Agatunet.

Du finn og mange flotte gjenstander, både husgeråd og landbruksreiskap og verkty.

 

NB! Vår tidlegare faste draktutstilling – Gåva frå mor, som er ei samling plagg og gjenstandar frå same familie – fem generasjonar sine folkedraktar og bunadar, er no i naudsynt kvile  av omsyn til tekstilane. Ei tekstilfagleg vurdering av gjenstandane og utstillingstilhøva skal gjerast før vidare framsyning.