Kunstutstillinga 2024
lau11maisun01sepKunstutstillinga 2024Anne Hesvik og Bas Vlam
Om arrangementet
Me gler oss til å invitera dykk til Kunstutstillinga 2024, med biletkunstnar Anne Hesvik og kalligraf Bas Vlam! Det vert ei vakker utstilling med pensel og penn, følsom materialitet i dialog
Om arrangementet
Me gler oss til å invitera dykk til Kunstutstillinga 2024, med biletkunstnar Anne Hesvik og kalligraf Bas Vlam!
Det vert ei vakker utstilling med pensel og penn, følsom materialitet i dialog med tradisjon og historie – ei visuelt sterk og stemningsfullt kommuniserande utstilling til refleksjon og ettertanke.
Utstillinga opnar laurdag 11.5 i Ådnesstova (kafébygningen), og står til og med sundag 1.9. Alle verka er til sal.

Bas Vlam – Frå Håvamål

Anne Hesvik – Utdrag frå Landslova
Anne Hesvik vaks opp i Hardanger, og bur i dag i Strandvik. Arbeida hennar byggjer på klassiske malingstradisjonar. Ho arbeider ofte på tre, både i to og tre dimensjonar, og hovedsakeleg i olje. Ho nyttar mykje ornament, og lagar si eiga måling. Til Agatunet har ho og med verk som er direkte knytt til Landslova av 1274, kong Magnus Lagabøte si store lovbok som i år er 750 år – noko som markarast over heile landet.
Bas Vlam kjem frå Nederland, men bur i dag på Askøy utanfor Bergen. Han har arbeidd som kalligraf i mange år, og driv mykje kurs og føredrag i mellom anna kalligrafi og føredrag. Han arbeider mykje med både skrifttyper og tekstar fra mellomalderen og lenger attende, og er og kalligrafen bak replikaen av Bleiediplomet som me har i tunet – det eldste fullstendige rettsdokumentet i Noreg, gjeve her på Aga i 1293. Til Agatunet kjem Bas me vakre arbeider med utgangspunkt i mellom anna Håvamål og Landslova av 1274.

Anne Hesvik

Bas Vlam
Program
lau31mai11:00sun31aug17:00Kulturskule- utstillinga 2025Unge og lovande!
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova. Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova.
Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga representerar denne breidda – ein får sjå alt frå raske skisser (croquis og bilndteikning) frå teikneøvingar, til meir forseggjorte arbeid som har vakse fram over tid.
Elevane vel sjøl ut nokre verk som skal inngå, og kunstfaglærar Johild Mæland syter for god representasjon og monterar utstillinga.
Det har i år vore 40 elevar fordelt på seks undervisnningsgrupper, ei i Jondal , ei på Hauso og fire grupper i Odda. Spennet i alder er stort, frå småskule til vaksne elevar.
Felles for alle gruppane er at dei ein periode såg på folkekunst, der ein spesielt undersøkte ulike stilretningar innan rosemaling.
Hardanger spillfestival inviterte kunstfag til å lage illustrasjonar, i form av spelkort i eit gjeve format, til presentasjon av dei ulike spela på festivalen. Til samen vart det laga 43 fine små teikningar.
Elevane dreg kvart år på ei ekskursjon og gjer feltarbeid – i år var dei på Baroniet i Rosendal, midt under bløminga!
Utstillinga i år syner både teikning, spillkort, rosemålingsstuder, og maleri. I tillegg vil ein også visa nokre tredimensjonale arbeid, i form av skulpturar.
Utstillinga opnast laurdag 31.mai (sjå eigen programpost om opningsarrangementet), og vert dei fyrste vekene tilgjengeleg laurdag og sundag frå 11-17.
Frå mandag 16.6 til sundag 31.8 er ho open kvar dag 11-17.
Utstillinga inngår i ordinær billett.