Ledige stillingar
Ledige stillingar
Agatunet er eit nasjonalt kulturminne med 30 freda bygningar midt i hjarta av Hardanger. Tunet er ein viktig kulturarena med lokal forankring. Me har faste opningstidar frå mai til september og er elles ope etter avtale. Me tilbyr omvisingar, faste og skiftande, aktuelle kunst- og kulturhistoriske utstillingar, konsertar, føredrag og kurs. Me har eige leikerom for born og ein sjarmerande kafe med eit utval både søtmat og saltmat, samt ein liten museumsbutikk. Me samarbeider med både frivillege og andre aktørar, er med i tilbod knytt til siderbåten, og tilbyr sidersmaking. Me held arrangement som møter og selskap, til dømes konfirmasjon og vigsler/bryllaup.
Stadig fleire besøkande har lagt turen innom det autentiske klyngetunet dei siste åra, og i 2023 var ca. 6100 gjester på vitjing. Agatunet ligg sentralt plassert i ein region i medvind med tyngre satsingar innan både reiseliv, siderproduksjon og teknologi. Det skjer i Hardanger!
Tunet er mellom dei få godt bevarte vestnorske klyngetuna, og inneheld det eldste kjende rettslokalet i Noreg – Lagmannsstova. Stova tilhøyrde i si tid den norske ridderen, lagmannen og riksråden Sigurd Brynjulvsson Aga (1235 – 1303). Agatunet er ein unik stad, og sentrale tema for formidlinga her er mellomalder, rettshistorie, fruktdyrking og handel, klyngetun og jordskifte, byggeskikk og bygningsvern.
Om stillingane
Stillingstittel: Omvisar/resepsjon/kafé
Oppstart: etter avtale
Ansettelsesform: sesong
Arbeidstid: Turnus, dagtid, kveld, vekedagar, laurdag, sundag
Periode: 01.05.25 – 01.09.25
Arbeidstid: dagtid, kveld
Arbeidsspråk: Norsk, Skandinavisk eller Engelsk
Sommarvikarar til autentiske Agatunet
Drøymer du om å bruka sommaren i eit idyllisk og autentisk klyngetun med ei spanande historie? Kanskje har du òg interesse for arkitektur og byggeskikk, rettshistorie, middelalderhistore, fruktdyrking og så vidare? Om du er glad i folk og historieforteljing, ja då vil vi ha deg som sommarvikar til denne perla av eit kulturminne.
Søk deg til sommarjobb hjå oss i hjarta av Hardanger! Me treng omvisarar, kafévertar og ekstrahjelper i perioden 1. mai – 1. september.
Arbeidsoppgåver Agatunet:
- Mottaking av besøkande
- Betjening av museumsbutikk/resepsjon
- Omvisning i tun til faste tider
- Kafevakter med ansvar for enkel matlaging, reinhald og kundebehandling
- Generelt reinhald og orden, med oppgåver knytt til opning, drift og stenging av museet
- Yte bistand ved avvikling av arrangement som t.d utstillingar og konsertar
Me søker deg som:
- Er serviceinnstilt
- Har interesse for kulturhistorie, eller ynskjer å læra meir!
- Snakkar godt norsk og engelsk
- Har gode samarbeidsevner
- Er ansvarsbevisst og pliktoppfyllande
Hjå oss får du:
- Ein variert arbeidskvardag i ein kulturattraksjon utanom det vanlege
- Verdifull kunnskap om norsk kulturhistorie
- Ein spennande og sosial sommar i nasjonalromantiske og historiske rammer.
- God opplæring
Me oppmodar folk i alle aldersgrupper til å søkja. Me har både behov for folk som kan jobba mykje, og folk som vil jobba mindre. Du treng ikkje kunne jobba heile perioden for å søkja. Personlege eigenskapar vil verta vektlagde.
Løn etter avtale.
Me kan hjelpa til med husvære.
Søknaden må innehalda tidspunkt ein kan arbeida innanfor tidsrommet 1. mai – 1. september. Spørsmål rettast til Ingvild Hauso, tlf 90 07 82 77 /ingvild.hauso@hvm.museum.no
Søknad med CV og referansar sendast til: personal@hvm.museum.no
Søknadsfrist 12. februar 2025.