– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Bygningsvern og restaurering

Eit freda kulturminne

Agatunet er eit freda kulturminne. Nokre hus som har tilhøyrt den opprinnelege tunet er i privat eige, men den sentrale delen vart ekspopriert i 1938 og eigast av Stiftelsen Agatunet. Denne delen driftst i dag av Hardanger og Voss museum, og utgjerast av 30 hus som alle har trong for vedlikehald, restaurering og sikring.

 

Det er eit omfattande arbeid å få, og halda,  dei 30 bygga i god stand, slik at dei vert bevarte for ettertida. Takka vere midlar frå mellom anna Riksantikvaren og fylkeskommunen og fleire andre bidragsytarar, og ein stor innsats, er ein  komen langt i arbeidet – og har fått tunet på eit godt tilstandsnivå, og ikkje har mange bygninger som har trong for strakstiltak. I 2021 hadde me klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn på vitjing i samband med ei feiring av det store restaureringsarbeidet i Agatunet, der me markerte at tunet på det tidspunktet var på vedlikehaldsnivå.

 

Dei seinare åra har ein mellom anna restaurert alle dei store løetaka, tak og kjellarmurer på Lagmannsstova, tak, kledning på fleire andre hus, fått sprinkla store delar av anlegget, og måla fleire hus.

 

Arbeid i Agatunet vert alltid gjort etter prinsipp om autentisk materiell og prosessuell restaurering, der ein altså søkjer å utføra arbeidet på same måte og med same materiale som då husa vart bygd, så langt råd er. Ein skal vurdera nøye kor mykje som må skiftast ut og lata stå att det som er mogleg av originalt materiale.

 

Me har mellom anna eit godt samarbeid med den lokale entreprenøren Haakon Kvestad AS. I Agatunet forsøker me så langt det går å involvera andre i restaureringsarbeidet, så me kan få mest mogleg gammal kunnskap over i flest mogleg nye nevar, og arrangerar difor ofte kurs i samband med restaureringsprosjekt.

 

Informasjon om dei til einkvar tid aktuelle kurs finn du her, og elles i programmet.