– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Filmframsyning

Sjå film – lær meir!

I Johansstova vert det synt film. Finn vegen opp trappa og inn i filmrommet. Filmframsyningane er inkluderte i billettprisen.

På stort lerret vert det kvar dag synt eit skiftande utval filmar, som filmar om handverks- og restaureringsprosjekt i Agatunet som me har fått produsert, og portrett av kunstnarene som har verk i årets kunstutstilling. Me har og fleire biletspil, mellom anna om livet i fjorden og om korleis Folgefonnhalvøya tok til.

I kaféen får du informasjon om kva filmar som synast kvar enkelt dag.