– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Kart over kor du finn Rettsløypa
Rettsløypa logo

 – ei reise gjennom rettshistoria i Hardanger

 

3. juni 2023 vart Rettsløypa lansert. Løypa er eit prosjekt initiert av styret i Stiftinga Hesthamar Skrivargard, for å synleggjera og formidla rettshistoria i Hardanger. Prosjektet er gjennomført i tett samarbeid med Agatunet/Hardanger og Voss museum.

 

Truleg finn ein ikkje tilsvarande område andre stader i landet med så rik og variert rettshistorie som er teken så godt vare på. Prosjektet ynskjer å knyta saman ulike rettshistoriske stadar på ein måte som synleggjer og viser samanhengen. Rettsløypa omfattar per 2023 Skrivargarden på Hesthamar, Steinkrossen på Hesthamar, Tingstova og Tingvika på Utne, og Agatunet – og du finn informasjonstavler på alle fire stoppestader. I Agatunet finn du tavla på nedsida av Lagmannsstova, mot vegen.

 

Heimesida til prosjektet finn du her. Sida vil etterkvart utvidas med utfyllande tekstar og informasjon.

 

Det er og produsert ein podkast i prosjektet. Podkasten kan du høyra her.
(Du finn han og på Spotify og Apple podcasts.)

 

Podkasten er ein samtale mellom Jørn Øyrehagen Sunde, professor ved Institutt for offentleg rett (UiO), Guttorm Rogdaberg frå Stiftinga Hesthamar skrivargard og Line B. Iversen frå Agatunet/Hardanger og Voss museum – og er ei spanande og lærerik reise gjennom kring tusen år med norsk rettsutvikling –  frå dei gamle landskapslovane og inn i vår eiga tid.

 

God tur langs Rettsløypa!