– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Sigurd Brynjulvsson

Sigurd, herren til Aga

– ridder, lagmann og riksråd.

 

Sigurd Brynjulvsson (ca. 1235-1303) var Herren til Aga, den gong Aga var éin gard, ein storgard!

Sigurd var godseigar, riddar og lagmann. Bygget me i dag kallar Lagmannsstova, er berre ein del av det som var eit større bustads- og representasjonsanlegg som sto på Aga, bygga etter europeisk modell. Det har vore slekta til Sigurd som har reist anlegget, og dette storslegne bygningkomplekset er eit bevis på at Sigurd kom frå ei bemidla og mektig slekt.

 

Sigurd tilhøyrde aristokratiet i Noreg, og var Gulatingslagmann i tida Magnus Lagabøtes Landslov vert gjeve (1274) og innført. Lova var Noreg si fyrste felles lovbok, og ei av dei fyrste landsdekkande lovbøker som vert gjeve i Europa. Denne lovboka gjev Noreg ein framtredande posisjon i europeisk rettshistorie, og har hatt stor viktigheit for statsdanninga og norsk samfunnsutvikling. I denne perioden av mellomalderen utvidast og lagmannsvervet – lagmannen går frå ei rolle som lovkyndig, kongeleg tenestemann utan juridisk makt, til å verte ein dommar. Lagmannen får ei ny juridisk, sosial og politisk posisjon, og Sigurd var slik direkte involvert i handhevinga av den nye lova, og forvaltninga av den framvaksande staten Noreg.

 

Når Magnus Lagabøte sin eldste son, Eirik Magnusson, vert konge  i 1280 – berre 12-13 år gamal, setjast inn eit formyndarstyre som skal styre riket medan Eirik veks til. I dette riksrådet sit Sigurd Brynjulvsson til Aga. Eirik er av historia oppfatta som ein svak konge, og ein reknar at dei mektige mennene i riksrådet fortsette å utøve reell innflytelse og etter at Eirik vart myndig.

 

Herren til Aga hadde altså tette band til kongemakta, og tilhøyrde eit aristokrati som på fleire vis var prega av felleseuropeiske ideal og kultur-  og samfunnsutvikling. I kraft av sitt verv som lagmann har Sigurd aktivt delteke i forvaltninga og samfunnsregulering gjennom nyansert lovgjevning – han handheva eit lovverk som mellom anna gav likheit for lova, rettvise for alle og ivaretaking av svakarestilte grupper – tanker som har leidd fram til den velferdsstaten me kjenner i dag.

 

Sigurd vart funnen daud i Samlafjorden i 1303. Me veit ikkje kva skjebne han leid, men den dagen gjekk ein betydningsfull harding ut or historia.

 

Storgarden Aga vart etter Sigurds daud delt mellom døtrene hans. Seinare har garden vore delt fleire gonger, og garden gjekk gjennom historia frå å vera ein riddar sitt storgods til eit klyngetun med yrande liv, til i dag å vera eit freda kulturminne som vernast gjennom bruk. Her kan du gå opp same trapp og inn i same rom som dei gjekk, dei som skulle prøve saka si for lagmannen, den mektige Sigurd på Aga, for 750 år sida.