ODISEA 4tet med gjest: NINO DE LOS REYES
sun27feb18:00ODISEA 4tet med gjest: NINO DE LOS REYESFLAMENCO
Om arrangementet
FLAMENCO?? I KABUSO??? Ja, kvifor ikkje.. Sundag 27.februar får du eit heilt unikt høve til å høyre og sjå eit eksepsjonelt orkester med den ubegripeleg allsidige strengekunstnaren Ole Andre Farstad i
Om arrangementet
FLAMENCO?? I KABUSO???
Ja, kvifor ikkje.. Sundag 27.februar får du eit heilt unikt høve til å høyre og sjå eit eksepsjonelt orkester med den ubegripeleg allsidige strengekunstnaren Ole Andre Farstad i spissen. Flamenco, rock, black metal, klassisk, jazz, og verdsmusikk er berre nokre av genrane han beherskar til fingerspissane, og gitar er berre eitt av mange strengeinstrument han trakterer. Ole Andre turnerer verda rundt med black-metalbandet Abbath, og leiar fleire prosjekt med improvisatorisk og eksperimentell musikk i heimbyen Bergen. I november vitja han Kabuso med Meelodi og leverte ein forrykande konsert.
ODISEA 4TET består i tillegg av musikarar frå Spania og Frankrike/Canada. Musikalsk er siktemålet å skape eit personleg uttrykk innan flamenco-jazz sjangeren som oppsto ved hjelp av storleikar som Paco de Lucia og Chick Corea.
OSCAR LAGO – FLAMENCOGITAR
OLE ANDRE FARSTAD – FLAMENCOGITAR / ELEKTRISK GITAR
FRANCOIS TAILLEFER – PERKUSJON
ISMAEL ALCINA – BASS
Som om dette ikkje var nok, så har desse fire dyktige musikarane fått med seg den suksessrike flamencodansaren NINO DE LOS REYES. Nino har dansa flamenco sidan han var 9 år, og har vunne eit uttal prisar for sitt ekstraordinært musikalske fotarbeid. I seinare tid har han vore medlem av sjølvaste Chick Corea(!) sitt band “Spanish Heart,” fram til Corea gjekk bort i februar 2021.
Saman med “Spanish Heart” mottok Nino De Los Reyes i 2020 ein GRAMMY for plata “Antidote.”
“Kvar var du når Nino og Odisea hadde sin legendariske opptreden i Kabuso i 2022?” Lat mørketid og pandemi ligge, kom heller og opplev dette storhendet i konsertsalen i Kabuso, sundag 27.februar klokka 18:00!
Tid
27. februar 2022 18:00(GMT+00:00)
Billettsal på nett
BILLETTARProgram
lau10mai11:00lau17:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.