Gabriels Novgorod
tors16nov19:00Gabriels NovgorodFolkemusikk
Om arrangementet
Gabriel Fliflet stiller med eit stjernelag av musikarar – kjende frå mellom anna Real Ones – i Kabuso torsdag 16. november kl 19 Gabriel Fliflet (trekkspel, vokal) David Chelsom Vogt (fele,
Om arrangementet
Gabriel Fliflet stiller med eit stjernelag av musikarar – kjende frå mellom anna Real Ones – i Kabuso torsdag 16. november kl 19
Gabriel Fliflet (trekkspel, vokal)
David Chelsom Vogt (fele, vokal)
Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, vokal)
Jørgen Sandvik (gitar, vokal)
Om Novgorod:
“Det er på tide at noen leverer musikken som dufter av solbelyste tømmervegger og syder av tjern og myrer. Det er på tide at noen gir oss musikken fra lave trebyer ved Østersjøen, fra hodeløse vodkafester med saltagurk, honning og smetana i etterkrigstidens nye lavblokker.
Noen må nå komme med den fyrrige musikken som rant ut fra cabaretlokalet, som fløt opp fra dansebanen ved elven, og valsene, verdens vakreste…
Novgorod vil hente fram denne musikken: Musikken som er russisk, finsk, jødisk, nordsvensk, sigøynsk. Moll-dominert og melankolsk. Vill og vital!”
På konsert med Novgorod kan du få høyra originale tolkingar av hardtsvingande finsk humppa, jiddisk tango og lengtnadsfulle valsar, nordsvensk swing (med kosakktrinn) og lærerike songar på tysk av Bertold Brecht/Kurt Weill. Med innleving og temperament og kraftfull firstemt song. På eit utal språk.
Novgorod vart danna i 2003 og har m.a. spelt på Festspillene i Bergen, Nattjazz, VossaJazz, Balkanfest, Litteratursymposiet i Odda, Hardingtonar, Columbi Egg og Riksscenen – og i Kabuso.
Gabriel Fliflet er vaksen opp til lyden av svensk, finsk og norsk song. Kåra til årets folkemusikar i 2011. Mange kjenner Fliflet frå samarbeidet med trommeslagar Ole Hamre i dueon Fliflet/Hamre. I denne samanhengen ausar han av kjennskapen sin til etnisk populærmusikk frå sitt finske fødeland, sigøynarmusikk m.m.
David Chelsom Vogt og Jørgen Sandvik har spela saman sidan dei var små. Best kjend er dei frå bandet Real Ones, som starta med irsk og britisk folkemusikk og etterkvart utvikla sin eigen fengande pop-stil med impulsar frå eit utal etniske tradisjonar. Kritikaryndlingar, bylarmprisen 2007, Spellemannsprisen 2013.
Prisløna Kristoffer Chelsom Vogt deltek med storebror David i nyskapande Kniv og Taffel Swingjazzorkester og med Gabriel Fliflet i bl.a. verket Åresong. Både Kristoffer Vogt og Jørgen Sandvik var sentrale i Fliflet sitt bestillingsverk til Vossajazz 2013 – Valseria.
Frå pressa:
”En opplevelse man sent vil glemme… Disse guttene har spilleglede i høysetet.” (Fanaposten)
”Alle lar seg begeistre av denne humørfylte kvartetten” (Bergens Tidende)
“Macho er tilbake. Etter ein time med finske tømmerfløytarsongar og annan djuprøysta, melankolsk musikk vandra vi ut lett øsne. Ikkje visste vi at musikk frå våre austlege naboland kunne vere så macho! Mannenmannen har vore ute i minst tre tiår, men om Novgorod gjer det stort – som dei burde, er han på veg inn igjen.”
(Lesarinnlegg av journalist Katrine Sele i bladet Folkemusikk )
Tid
16. November 2023 19:00(GMT+00:00)
Billettsal på nett
>>> KJØPProgram
lau10mai11:00lau17:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.