– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Nils Petter Molvær solo

tors20mai19:00Nils Petter Molvær soloTrompetvirtuos solo

Om arrangementet

Av årsakar utanfor vår kontroll har det vore uklarheitar kring datoen for konserten med Nils Petter Molvær:
Gjeldande dato er no som opphavleg annonsert; torsdag 20. mai kl 19.

Om billettar:
Alle kjøpte billettar gjeld for konserten torsdag 20. mai
Har du ikkje høve til å stilla? Ta kontakt på post@kabuso.no for refusjon

Kabuso beklagar så mykje for ulemper dette kan ha medført.

Oppdatert onsdag 12. mai kl 12.00

_________________

Trompetvirtuos og musikkpionér Nils Petter Molvær i særs intim og eksklusiv solokonsert – i Kabuso torsdag 20. mai kl 19!

Nils Petter Molvær – trompet/elektronikk
Sven Persson – lyd

Sidan den enorme internasjonale suksessen med albumet Khmer i 1997 har Nils Petter Molvær fortsett å dyrka fram sitt eige uttrykk, i møte med jazz, ambient, house og elektronika, såvel som hiphop, rock og pop. Innsatsen hans omfattar arbeid med symfoniorkester, med komponisten Rolf Wallin, med den tyske dj-en/elektronika-artisten Moritz von Oswald, og seinast albumet med dubstep-legendene Sly & Robbie i 2018.

Sidan starten med Masqualero 1982 har trompetisten, komponisten og produsenten Molvær endra andletet til improvisert musikk i Europa. Så langt har det blitt ni album under eige namn, i tillegg til lydspor for film og tv, dokumentarar og skodespel. Molværs forrige soloalbum Buoyancy fekk eventyrleg mottaking, blant anna med Spellemannpris for beste jazzplate, og full pott i Aftenposten: «Det låter som om en gjenglemt The Beatles-stubb har blitt brakt inn i en storslått elektronisk verden og gitt nytt liv på Nils Petter Molværs premisser.»

Foto © Roberto Cifarelli

Billettsal på nett

>>> Kjøp

Sjå arrangementet på Facebook

>>> Sjekk ut