– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Maritimt verktøyseminar 2019

mån11nov(nov 11)08:00tors14(nov 14)17:00Maritimt verktøyseminar 2019

Om arrangementet

VELKOMEN TIL MARITIMT VERKTØYSEMINAR OM SAG – HARDANGER FARTØYVERNSENTER 11. – 14. NOVEMBER 2019.

Me har gleda av å invitera deg til årets verktøyseminar der temaet er SAG.

Påmelding og kursavgift: Påmelding innan 4. November til alexander.gunther@fartoyvern.no
Gje opp namn, firma, adresse, yrke, telefon og e-post.

Kursavgifta inkluderer lunsj og middag, sagblad og materiell til grindsag: kr 3800,- til konto 35300503096.
Prisen dekkjer ikkje overnatting. Det er plass til 24 deltakarar. Første mann til mølla!

Om maritimt verktøyseminar 2019:

Godt verktøy er føresetnaden for godt handverk. Vidare er det bruken av tradisjonsverktøya som i stor grad definerer faget sin eigenart. Med det maritime verktøyseminaret ynskjer me å verta betre kjend med handverka gjennom verktøya og arbeidsmåtane som følgjer dei. Seminaret vender seg til folk som til dagleg arbeider med tradisjonshandverk i båtar og bygg.

I år vil me gå i djupna på handsager av ulik typar. Grunnøvinga vert at alle deltakarane dei to fyrste dagane lagar ei tradisjonell grindsag med langvedblad. Tredje dagen har vi sett av til fullføring av saga, men også med høve for arbeid med oppgradering og vedlikehald av sager de har med.
Blad til grindsagene til alle kursdeltakarar er tinga hjå Jon Dahlmo men skal vikkast og slipast under seminaret. Jon vil være til stades. Tauet til å stramme grinda vert laga i lag med reipslagarane Sarah Sjøgren og Ingunn Undrum. Dei ulike deler i tre lagar me i den nye kursverkstaden på Fartøyvernsenteret.
Siste dagen har me sett av til ulike øvingar. Me vil mellom anna prøva oss på saging av tømmer på sagstelling. Andre eksperiment blir saging av årer og reisingar med grindsag og truleg strimling av esingar/plank med rammesag/ Dancing Betty.

Som på dei andre verktøyseminara vil me laga ei utstilling av sager. Nytt av året er at me i staden for berre å samle lokalt, vil at kursdeltakarane tek med seg 2 sager frå sitt tradisjonsområde til utstillinga. Det kan vere sager frå eiga samling eller lånt frå museum eller tradisjonsberarar. Pass på å merka dei tydeleg og levera inn til utstillinga ved ankomst måndag. Den enkelte prøver å finna ut mest mogleg om sagene dei tek med og har ein kort presentasjon under gjennomgang av utstillinga fyrste dagen på seminaret.

Tid: Måndag 11/11 til torsdag 14/11

Påmelding og kursavgift: Påmelding innan 4. November til alexander.gunther@fartoyvern.no Gje opp namn, firma, adresse, yrke, telefon og e-post.
Kursavgifta inkluderer lunsj og middag, sagblad og materiell til grindsag: kr 3800,- til konto 35300503096.
Prisen dekkjer ikkje overnatting. Det er plass til 24 deltakarar. Første mann til mølla!

Overnatting: Det finst fleire ulike alternativ (sjå visitkvam.no) men overnattingsstadane som ligg nærast Fartøyvernsenteret er: www.hardangerferiesenter.no, www.oddlandcamping.no og www.sandvenhotel.no

Mat: Det vert servert lunsj og middag alle kursdagane. Har du nokon allergiar gjer du beskjed pr. e-post i samband med påmelding og vi avtalar med kjøkkenet.

Verktøy og utstyr: Av utstyr treng du arbeidskle, høyrselsvern, vernebriller, kniv, spokeshave, pusshøvel, støthøvel, fintanna handsag, stemjarn ymse breidder, syl og tømmermannsblyant. Pass på at alt verktøy er i god stand og kvast før seminaret. Om du har filer, vikketang og sagklemme er det nyttig, men vi sørger også for å ha nokre til seminaret. For dei som får utfordringar med transport av verktøy har vi klar nokre ekstra verktøykassar.

Førebuingar: Den enkelte deltakar tek med seg to sager til utstillinga. Gjer deg kjent med historie og bruksområde for sagene. Ta også med sager som ein ynskjer å utbetre. Om de har litteratur som omhandlar sag, er vi glad for om du tek dette med til utstillinga.

Program/Informasjon: Fullstendig program vert send pr. e-post til dei som melder seg på. Nærare faglege opplysingar hjå Alexander Günther; mobil 47649280 eller Peter Helland-Hansen; mobil 48062449

Til årets seminar har me fått med oss: Trond Oalann og Jon Dahlmo som instruktørar. Det vert sag-faglege føredrag og ordskifte på kveldstid.

Velkomen til lærerike dagar i Norheimsund, frå prosjektgruppa!
Alexander Günther og Peter Helland-Hansen

Tid

11 (Måndag) 08:00 - 14 (Torsdag) 17:00(GMT+00:00)