Huldreduken - eit tekstilklenodium frå mellomalderen
tors31mar19:00tors21:00Huldreduken - eit tekstilklenodium frå mellomalderen
Om arrangementet
I samband med 75 års jubileet i 1992 fekk museet ei heilt spesiell gåve; ein nesten fire meter lang brodert duk frå mellomalderen. Duken vart sist vart brukt på Mølster.
Om arrangementet
I samband med 75 års jubileet i 1992 fekk museet ei heilt spesiell gåve; ein nesten fire meter lang brodert duk frå mellomalderen. Duken vart sist vart brukt på Mølster. Ei segn sa at duken hadde vore seks gonger lenger og eingong vart delt mellom seks systre.
Duken viser seg å høyre til ei lita gruppe på tre mellomalderdukar som syner klart slektskap og som skil seg heilt ut frå det ein elles kjenner. Alle tre dukane kjem frå Vestlandet – Voss, Veøy i Romsdalen og ein frå garden Ve i Årdal. Duken frå Sogn er så langt den mest studerte. Me har difor lenge sett fram til å høyre Siri Benjanminsen formidle kunnskapen ho har fått gjennom det spennande prosjektet ” Huldreduken frå Ve – ein unik mellomalderklenodium”.
Huldreduken frå Ve er frå fyrste del av 1400-tallet. Duken er over fire meter lang og har broderte bordar i smøygsaum. Det er lin i både botnstoff og broderi. Det broderte mønsteret har mange symbol og teikn frå den gamle folkekulturen. Broderiet er blått, huldrene sin farge. Eit gamalt segn kan fortelle korleis duken kom til ein gard i Årdal inst i Sognefjorden. På kva måte var Huldreduken i bruk i middelalderen? Kan duken ha vore ein gildeduk, brukt ved seremonielle hendingar? I kva grad kan kunnskapen om duken frå Ve overførast til duken me har på Voss.
Siri Benjaminsen er utdanna landskapsarkitekt frå Norges landbrukshøgskule. Ho gjekk på tekstilkulturstudie på Vestnorsk kulturakademi, Voss. Benjaminsen har hatt utstillingar, føredrag og smøygkurs relatert til prosjektet om middelaldertekstilet Huldreduken. Ho er i dag leiar i Sogn Bunadnettverk.
Billettpris kr 150/100 (medlem)
Tid
31. mars 2022 19:00 - 21:00(GMT+00:00)
Program
lau10mai11:00lau17:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.