Diktardagen 2020
lau12sep16:00lau18:30Diktardagen 2020Årets diktar: Hilde Myklebust
Om arrangementet
NB! Diktardagen haldast vanlegvis i juni, men grunna koronasituasjonen er arrangementet i 2020 flytt til 12.9.20. Ein norsk diktar skal heidrast med ei dikttavle, som leggjast ned i den vakre diktarstien
Om arrangementet
NB! Diktardagen haldast vanlegvis i juni, men grunna koronasituasjonen er arrangementet i 2020 flytt til 12.9.20.
Ein norsk diktar skal heidrast med ei dikttavle, som leggjast ned i den vakre diktarstien som slynger seg mellom husa i museumstunet.
Hardanger folkemuseum arrangerar denne dagen i lag med Olav H. Haugesenteret. Etter at Olav H. Hauge mottok prisen i 1993, har sentrale norske lyrikarar kvart år blitt heidra på Diktarstien ved Hardangerfjorden. Diktartavlen inneheld eit dikt, ein strofe eller eit sitat vald av diktaren sjølve, og vert utforma og hogga av kunstnar Cecilie Broch Knudsen. Diktarstien vart etablert på 85-årsdagen til Olav H. Hauge i 1993, og formar no ein lyrisk hellegang i museumstunet. Av tidlegare prisvinnarar finn ein markante poetar som Halldis Moren Vesaas, Jan Erik Vold, Kolbein Falkeid, Eldrid Lunden, Jon Fosse, Cecilie Løveid og Øyvind Rimbereid.
Årets diktar er Hilde Myklebust.
Når Myklebust får si diktartavle på Diktarstien på Utne 12. september, går ho inn i rekkja av viktige poetar i vår tid.
Hilde Myklebust debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005, og har sidan gitt ut tre diktbøker. Den siste Kvar ein fugl, kom i 2018. Ho har også skrive fleire barnebøker i samarbeid med illustratørar. – Myklebust har markert seg gjennom ein utprega lyrisk forfattarskap i stadig utvikling. Vi er med glade for å gi Diktartavla 2020 til ein ung og markant poet med ei særeigen poetisk røyst, seier dagleg leiar Geir S. Netland ved Hauge-senteret.
Naturen og menneska
I Hilde Myklebust si diktverd finn ein utprega varleik til omgivnader og naturteikn, og eit sterkt omsyn til både dyr og menneske. Under det heile ligg ei uro og eit medvit om ei kald og hard røynd, i løpet av få skriftteikn og linjer kan hendingar skje og stemningar snu. – Slik viser diktinga til Myklebust ei haldning, ei lytting, og ein respekt for naturen og alt som lever, seier konservator Stein Arnold Hevrøy ved Hauge-senteret.
Les meir om Diktarstien her.
Me startar i tunet med nedlegging av steinen. Etterpå skal Stein A. Hevrøy, konservator ved Haugesenteret, halde ei innleiing om Myklebust sin forfattarskap, før det vert konsert.
Artistar er Mari Skeie Ljones (hardingfele) og Camilla Granlien (vokal).
Mari Skeie Ljones er frå Jørstadmoen på Lillehammer, og spelar fele og hardingfele med basis i slåttemusikken frå Gudbrandsdalen og Hardanger. I 2010 tok Mari eksamen i utøvende master på Norges Musikkhøgskole og har sidan det vore frilans musikar med base i Oslo.
Camilla Granlien er folkesongar og artist, busett på Lillehammer. Ho er utdanna master i tradisjonskunst frå Høgskolen i Telemark og har fordjupa seg i songtradisjonen frå Gudbrandsdalen. Frå 1997 har ho jobba ved folkemusikklinja ved Vinstra vidaregåande skule og har hatt songelevar ved Norges musikkhøgskole. I dag er ho frilansmusikar og er aktiv både som soloartist og i samarbeid med ulike musikarar og kunstnarar både som songar, låtskrivar og forteljar. I 2008 fekk ho Kongepokalen for sitt arbeid med folkesong.
Programstart klokka 16.
Billettar kr. 250/225.- Billettar kan kjøpast her: https://hardangerfolkemuseum.ticketco.events/no/nb/e/diktardagen_og_konsert, eller i døra.
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling, med støtte frå Norsk kulturråd.
Vel møtt til ein flott dag!
(Foto: Ingvil Skeie Ljones)
Tid
12. September 2020 16:00 - 18:30(GMT+00:00)
Billettsal på nett
Kjøp billett herProgram
lau10mai11:00lau17:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.