ARVE TELLEFSEN
tys15mar18:00ARVE TELLEFSENOG KJETIL BJERKESTRAND
Om arrangementet
Ærbødig hyllest til Ludwig van Beethoven I 2020 var det 250-år sidan Ludwig van Beethovens vart fødd. Denne konserten presenterer nokre av Beethovens mest kjende (kanskje også ukjende?) verk både i
Om arrangementet
Ærbødig hyllest til Ludwig van Beethoven
I 2020 var det 250-år sidan Ludwig van Beethovens vart fødd. Denne konserten presenterer nokre av Beethovens mest kjende (kanskje også ukjende?) verk både i original-versjonar og i improvisert og arrangert form. Det blir kanskje både til og frå Elise, og av måneskinn vil det kanskje denne gongen gro noko spanande.Det er mykje glitrande materiale å ta tak i, hans 5. symfoni er vel eitt av verdas aller mest kjende musikkstykke. Beethoven komponerer eit tema, og etter berre 4 tonar kjenner hele vår sivilisasjon igjen musikken. Det er genialt!
Dette blir ein ærbødig hyllest til Ludwig van Beethoven.
ARVE TELLEFSEN si karriere har teke han til alle europeiske hovudstadar og han har turnert i heile verda. Ved sida av å vere teknisk briljant, er det den unike varmen og vibrerande tonen og den lidenskapelege intensiteten som har gjort han anerkjend og elska over heile verda. Evna til å fengsle og kommunisere med publikum gjer han til ein av verdas fremste fiolinistar.
Han har spelt med verdas leiande orkester og dirigentar, framførd på mange av dei viktige scenene og delteke på ei rekke internasjonale festivalar. Arve Tellefsen har motteke fleire prisar for sine grammofoninnspelingar; gull- og diamant-plater og fleire spelemannprisar. Han har seld over ein halv million CD-ar berre i Noreg, og i 1988 var CDen ”Pan” den mest selde norske CD uansett sjanger. Han har gjort ein stor innsats for nyare norsk musikk, og han har vore ein viktig forkjempar for musikken til Ole Bull.
I 1989 starta han sin eigen Oslo Kammermusikk Festival, som var den fyrste i sitt slag i Noreg. Festivalen er ein enorm suksess og tiltrekkjer seg internasjonale toppartistar.
Saman med Tellefsen kjem pianisten
KJETIL BJERKESTRAND. Bjerkestrand er også komponist, arrangør og plateprodusent. Han har arrangert musikk for artistar som Ray Charles, Dee Dee Bridgewater, Keith Emerson, Ian Hunter, Jon Lord, Ute Lemper, Sissel Kyrkjebø og A-Ha. Som musikar har han delteke på eigne innspelingar og innspelingar med blant andre A-Ha, Ray Charles, Ute Lemper, Ian Hunter, Dance With A Stranger, DumDum Boys, Jonas Fjeld Band, Marius Müller, TNT, Arve Tellefsen, Bobbysocks, Bjørn Eidsvåg, Carola Häggkvist og Dee Dee Bridgewater.
Bjerkestrand har også laga musikk til fleire historiske spill, filmar og TV-seriar, fleire av dei i samarbeid med Magne Furuholmen under navnet Timbersound. Som produsent har ho arbeidd med Anne Grete Preus, A-Ha, Lynni Treekrem, Morten Harket, Sissel Kyrkjebø og Herborg Kråkevik for å nemne nokre.
Bjerkestrand komponerte i 2012 bestillingsverket Memento Mori, som vart urframført under Olavsfestdagene i Trondheim. I 2013 komponerte han musikken til Oslo nye teater og Riksteaterets oppsetnad av Snøkvit. I 2014 var han komponist og hadde det musikalske ansvaret for Peer Gynt på Gålå.
Siden 2010 har K.B. hatt eit tett samarbeid med Keith Emerson og arrangerer hans musikk for symfoniorkester. Likedan har han eit liknande samarbeid med Dhafer Youssef og Dee Dee Bridgewater.
Tid
15. mars 2022 18:00(GMT+00:00)
Billettsal på nett
BILLETTARProgram
lau10mai11:00lau17:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.