Hardanger folkemuseum
post@hvm.museum.no
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Arrangement frå denne arrangøren
november
sun05nov16:30sun18:00UtstillingsopningHovudplagg og hårmote16:30 - 18:00

Om arrangementet
Den unike vandreutstillinga Hovudplagg og hårmote i folkedrakt og bundbruk opnar på Hardanger folkemuseum 5. november kl 16.30. Utstillinga syner tradisjonelle hovudplagg frå mange stader i Noreg, slik dei var
Om arrangementet
Den unike vandreutstillinga Hovudplagg og hårmote i folkedrakt og bundbruk opnar på Hardanger folkemuseum 5. november kl 16.30. Utstillinga syner tradisjonelle hovudplagg frå mange stader i Noreg, slik dei var nytta på 1700 og 1800-tallet og vert brukt til bunad i dag. Nærare 100 ulike hovudplagg er med. Hardanger folkemuseum er første og einaste visningsstad for denne utstillinga i Hordaland.
Pikahuva, linhatt, pålalue, hette, perlekrans, skaut og båthatt. Variasjonen og kreativiteten har vore stor, både i nemning og utsjånad. Over heile landet var hovudplagget ein svært viktig del av den tradisjonelle draktskikken. Kleda synte kven ein var, og kor ein kom frå, kva anledning ein var kledd for, og kva status ein hadde. Særleg viktig var skiljet mellom gift og ugift, og i det fleste område var det hovudplagget som synte dette. Dei staselegaste hovudplagga var det den gifte kvinna som hadde, sett bort frå dei utruleg vakre brurekrunene som brura bar på brudlaupsdagen. Somme stader var det og eigne hovudplagg for ugifte mødrer, og for peparmøyer, jenter som hadde vorte 30 år utan å gifta seg.
Det er Norsk folkedraktforum som står bak vandreutstillinga, som ein del av arbeidet med å få bunadbruk i Noreg inn på Unesco si liste over representativ immateriell kulturarv. Nff er ei landsomfattande organisasjon som arbeider med bunader forankra i tradisjonell draktskikk. Det er medlemmene i Nff som har laga dei vel 70 plagga som føl med utstillinga. I tillegg er utstillinga supplert med kring 30 hovudplagg frå Hardanger, Voss, Fana, Øygarden, Tysnes og andre stader i Hordaland. Utstillinga har og ein skautfellingsverkstad der ein kan sjå korleis ein lagar koneskaut til hardangerbunaden.
Utstillinga vert opna sundag 5. november kl 16.30. Hanne Yndestad frå Nff fortel om prosjektet som ligg bak utstillinga. Bunadstilvirkar Oli Lilletveit fortel om nokre av hovudplagga frå Hordaland, og Agnete Sivertsen fortel om skautfelling og om hardangerskautet. Kafeen er ope frå kl 15.
Foto: Elisabeth Emmerhoff
Sjå meir om prosjektet her http://norskfolkedraktforum.no/prosjekter-1#/new-page-55
Tid
(Sundag) 16:30 - 18:00

Om arrangementet
Hovudplaggutstilling Den unike vandreutstillinga Hovudplagg og hårmote i folkedrakt og bundbruk kjem til Hardanger folkemuseum 5. november. Utstillinga syner tradisjonelle hovudplagg frå mange stader i Noreg, slik dei var nytta på
Om arrangementet
Hovudplaggutstilling
Den unike vandreutstillinga Hovudplagg og hårmote i folkedrakt og bundbruk kjem til Hardanger folkemuseum 5. november. Utstillinga syner tradisjonelle hovudplagg frå mange stader i Noreg, slik dei var nytta på 1700 og 1800-tallet og vert brukt til bunad i dag. Nærare 100 ulike hovudplagg er med. Hardanger folkemuseum er første og einaste visningsstad for denne utstillinga i Hordaland.

Utstillingsopning 5. november

November 5 (Sundag) 16:30 - Januar 21 (Sundag) 15:00
desember

fre08des19:30JulegjestFrank Rolland, Sigbjørn Apeland og Marit Karlberg19:30

Om arrangementet
Konsert Marit Karlberg, Frank Henrik Rolland og Sigbjørn Apeland har konserten Julegjest på Hardanger folkemuseum fredag 8. desember kl 19.30. Her får du høyra gamle og gløymde, men vakre og særprega
Om arrangementet
Konsert
Marit Karlberg, Frank Henrik Rolland og Sigbjørn Apeland har konserten Julegjest på Hardanger folkemuseum fredag 8. desember kl 19.30. Her får du høyra gamle og gløymde, men vakre og særprega melodiar til advents- og julesalmane i songtradisjonen i Valdres. Og om du lyttar litt ekstra til fela, kan du høyre melodivariantar frå Hardanger og Nordmøre. Songane har dei funne i folkemusikkarkiv og gamle notenedskrifter, og latt dei få følgje av hardingfele, trøorgel, langeleik og lyre. Dei har også funne plass til eit par nyskrivne songar, og nokre verdslege julesongar som høyrer julegjestebodet til.
I Valdres finn vi ein eineståande sterk folkesongtradisjon som er dokumentert blant anna gjennom Ludvig Mathias Lindeman sine nedskrifter av Kingotonane til Andris Eivindson Vang. Vang kunne føre sin tradisjon fleire slektsledd attende, til Kalvedalspresten og 1600-talet då Kingo reformerte den dansk-norske kyrkjesongen. Kjeldene til songane på denne utgjevinga er Andris E. Vang sjølv og andre samtidige og etterfølgjande songarar frå dei tre øvste Valdreskommunane, Vang, Vestre og Øystre Slidre.
Utøvarane på konserten Julegjest er Marit Karlberg (song, langeleik og lyre), Frank Henrik Rolland (song og hardingfele) og Sigbjørn Apeland (song og trøorgel). Alle tre er velkjende, dyktige utøvarar på kvar sine felt. Dei har arbeidt med folkemusikk i ulike konstellasjonar i omlag 25 år, og vore med på mange ulike innspelingar tidlegare, fleire av dei nominerte og løna med spellemannprisar. Tekstane, formidlinga og innlevinga står i fokus i det musikalske samspelet. Gode, enkle arrangement søkjer å finne fram til kvar song sin eigenart og forsterke denne, tilføre fargar og nytt liv. Samstundes tek musikarane vare på den særeigne, gamle tonaliteten i folkemusikken vår.
Hjarteleg velkomne alle!
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.
Tid
(Fredag) 19:30
Billettsal på nett, restbillettar i døra
BilettsalSjå arrangementet på Facebook
Sjekk ut!januar