Få billettar: Bugge Wesseltoft
fre03des21:00Få billettar: Bugge WesseltoftIt's Snowing on My Piano
Om arrangementet
Oppdatering i høve korona-situasjonen: Det har kome nye regionale tiltak for smittevern i Kvam. Desse gjeld frå kl 21 og i høve konserten med Bugge Wesseltoft tyder dette: Påbod om munnbind under
Om arrangementet
Oppdatering i høve korona-situasjonen:
Det har kome nye regionale tiltak for smittevern i Kvam. Desse gjeld frå kl 21 og i høve konserten med Bugge Wesseltoft tyder dette:
Påbod om munnbind under og etter konserten
Bordservering etter konserten
Ta kontakt med resepsjonen om du treng munnbind
Velkomen!
Oppdatert fredag 3. desember kl 19:37
________________________________
Bugge Wesseltoft – piano, elektronika
Bugge kjem tilbake til Kabuso! Etter ei magisk musikalsk stund og fullt hus i fjor kan me sjå fram til ein ny førjulskonsert:
Den moderne juleklassikaren Its Snowing on My Piano svevar frå flygelet fredag 3. desember.
Bugge Wesseltoft er kjend for eit unikt musikalsk uttrykk innan nordisk moderne jazz og har hausta ei rekkje utmerkingar for dette. Han har samarbeidd med med storleikar som Jan Garbarek, Sidsel Endresen, Terje Rypdal, Nils Petter Molvaer og Jon Eberson. Vidare har han danna sitt eige innovative prosjekt kalla New Conception Of Jazz og platestudioet Jazzland Recordings.
Bugge fortel om historia bak albumet frå 1997:
“Snowing on my piano” vart laga ut frå eit ønske om ro og fred i jula, og ein pause frå stress, gåvehysteri og det å måtte vera så voldsomt lykkelig heile tida.
Som ung jobba eg ved eit akuttmottak på psykiatrisk sykehus og det var eit sjokk for meg å oppdaga at jula også er ei høgtid for depresjon, einsemd og vald i heimen.
Då eit tysk plateselskap spurde meg om å laga ei solopiano-plate med julesongar var eg sterkt i tvil, men valde til slutt å spela ho inn på vilkår av at eg fekk gjera det på min eigen måte.
Det å vera glad i kvarandre og ha tid til kvarandre er det viktigaste me kan driva med i jula.”
>>> Sjekk nettstaden til Bugge
Tid
3. desember 2021 21:00(GMT+00:00)
Billettsal på nett
>>> KJØPProgram
lau10mai11:00lau17:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.