– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Ove Harder Finseth

 

Me er sers stolte over å presentera Ove Harder Finseth som utstiller i Agatunet i 2022!


Ove Harder Finseth er klesdesignar og tekstilkunstnar. Han er mellom anna kjent for å ha laga brurekjolen til Kronprinsesse Mette-Marit.


Harder Finset henter mykje inspirasjon frå gamal tid, og arbeider med eldre moter og dekorasjonsteknikkar, ofte i klassisk stil. Til Agatunet kjem han med nokre tidlegare kreasjonar, men lagar óg mykje spesifikt til og inspirert av tunet – ein plass han har vitja ved fleire høve og som har teke tak og vorte verande i han.

Den stemninga og tankane som har kome ut av møtet med Agatunet vil han visa gjennom denne utstillinga. Ho inneheld mykje broderi og mange tilarbeidde eldre tekstilar som vert gjeve nytt liv, og kjem til å setjast opp i fleire ulike bygningar i tunet, der verk og rom vil verka saman.

Utstillinga står frå 21. mai til og med 04. 09 2022.

 

Dette vert fantastisk – gled dykk!

 

 

X