– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Ingunn van Etten

Ingunn van Etten i sitt atelier

Fridom og røter

 

INGUNN VAN ETTEN (1950) er oppvaksen på Hauso i Hardanger, og arbeider som biletkunstner med maleri og skulptur i ymse teknikkar. Ho er og illustratør og forfattar. Van Etten er utdanna frå kunstskule og kunsthandverkarskule i Belgia, og som formingslærar frå Statens Lærarhøgskule i Noreg.
Ho stillte ut ved Statens Høstutstilling i 1978, og har sidan hatt ei rekkje utstillingar i inn- og utland, mellom anna fleire seperatutstillingar på Hardanger folkemuseum, og i Oslo, Nederland, og Bergen, og delteke på ei mengd kollektive utstillingar. Ho har gjeve ut to eigne biletbøker og illustrert ei rekkje andre bøker for både born og vaksne. Ho har hatt mange styreverv og engasjement for ulike aktørar i kunst- og kulturfeltet.
Ingunn van Etten let seg inspirera av mellommenneskjelege relasjonar, landskap og kunst frå ulike kulturar og tider. Ho er ein kommunikativ kunstnar som søkjer etter å formidla det som ikkje let seg uttrykkje med ord, og er fabulerande i uttrykket – ho målar poetisk og figurativt, med bruk av symbol, og surrealistiske og abstaherande element. Ho skaper bilete som byr deg vennleg inn. Arbeida hennar har gjennomgående rik fargebruk, gjerne naivistiske islett og ei ofte underfundig blanding av humor og alvor.
Bileta og skultpturane ho syner i Agatunet inviterar til refleksjonar over korleis og kor høyra til, over livsval og livsveg. Dei snakkar til oss om den uvissa som fylgjer oss gjennom livet og håpet om å finna heim og til kvarandre, og den evige motsetnaden mellom fridom og røter.