– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Ingerid Jordal

Felicitas Aga i sitt atelier i London

She Hunts 

Det er med stor glede me presenterar ei av neste sesongs utstillingar i Agatunet, frå 21.5-3.8 2022:  fotoutstillinga SHE HUNTS av fotograf Ingerid Jordal!

 

 

Utstillinga er ei serie portrett av kvinner på jakt, og utfordrar forestillingar og stereotypier knytt til kjønn og rollar, i tillegg til å vera sterke enkeltståande portrett av menneskje som haustar og nyttar naturen, slik menneskje alltid har gjort.

Jordal er fødd i Odda i 1982, busett på Voss, og er sjølstendig fotograf og skribent. I eigne prosjekt arbeider ho i skjeringspunktet mellom kunst og dokumentar, og denne utstillinga utgjerast av sterke portrett av jegerar – alle kvinner. Utstillinga er ei utforsking av jaktkultur, kjønnsroller og representasjon i norsk utmark. I botn ligg det mest fundamentale av alle motsetningspar: liv og daud.  

«Før mi fyrste elgjakt var eg nervøs. Eg håpte egentlig at eg aldri kom til å sjå nokon elg, for då slapp eg å ta den avgjersla det er å trekka av. Då eg skaut min fyrste elg i fjor haust, vart eg overraska over kor bestemt eg var. Eg lada våpenet, fann ein god skytestilling, sikta, og skaut. Eg var fullstendig fokusert. Men etterpå klikka det jo heilt for meg.»– Mia, elgjeger, Vadsø

 

Kunstnaren om utstillinga:

For nokre år sidan såg eg eit fotografi av ei venninne på Facebook. Ho stod breibeint over ein svær reinsbukk ho nett hadde skote. Vêret såg surt ut, vinden rota til håret hennar og litt blod var sølt utover jakka hennar. Ho hadde eit fast grep rundt geviret til bukken og eit breitt smil i ansiktet. Ho var høggravid. Dette fotografiet utfordra mi førestilling om kvinner og identitet. Derfor byrja eg å undersøka kva det vil seie å vera ein kvinneleg jeger.

She Hunts er ein dokumentarisk utforsking av jaktkultur, kjønnsroller og representasjon i norsk utmark. Liv og død er grunnlaget for prosjektet.

Fotografiet eg såg av den gravide jegeren som nett hadde tatt eit liv, poengterte ein kontrast eg ikkje sjølv var medviten om frå før av. Dette har eg hatt som ledetråd undervegs i arbeidet. Eg har jobba bevisst med å utforska det feminine uttrykket mot det «brutale» aspektet ved jakt, og freista å skapa fotografi som har denne dualiteten i seg. Målet er å utfordra førestillingar og oppfatningar av kva ein jeger er, og utvida rommet for kven som bruker utmarka, og korleis dei gjer det. Den stereotypiske oppfatninga om at «menn jakter, kvinner plukker bær» (problematisert i Aase Kristine Lundberg si doktoravhandling i 2017) lever i beste velgåande, sjølv om talet på kvinnelege jegerar har auka kraftig dei siste tiåra. Sidan 2017 har eg fulgt jegerar over store deler av landet. Kvinner mellom 20 og 91 år har teke meg med på jakt, etter elg i Øst-Finnmark, hjort i vestlandsliene, rådyr i aust og rein på Hardangervidda. I denne utstillinga møter du nokre av dei.

 

Visningar:

Helsinki Photo Festival 6. juli-31. September 2021.

Vadsø kunstforening 22. sep-17. okt 2021

Voss kunstlag, Januar 2022

CYAN galleri i Oslo, 25-27. mars 2022

USF Verftet, Bergen, mai 2022

Agatunet, Ullensvang, mai-august 2022

Norsk Skogmuseum, Elverum, 10. august- 26. november 2022

Oppdatert turnéliste:www.shehunts.eu

 

Støtta av: Kulturrådet, Kunstsentrene i Norge, Norsk fotografisk fond, Norske billedkunstnere, Fritt ord, Bergesenstiftelsen og Vestland fylke.

 

 

Foto: Ingerid Jordal, Varanger 2017.