Bilete frå livet i tunet
Lat bileta fortelja
I fleire av dei opne husa i Agatunet finn du gamle bilete på veggane – fotografi frå livet i Agatunet.
Her levde folk tett, og delte kvardagar, festdagar, gleder og bekymringar. Dei trong kvarandre i arbeidet, og dei trong nok kvarandre i kvila og, då som me gjer no.
I dei gamle fotografia finst mange forteljingar om livet dei levde.
Nokre bilete vert synte her på nettsida, men dei fleste må du vitja oss for å sjå.