Vestland, Vestland
lau19sep18:00Vestland, VestlandHumoristisk teaterstykke
Om arrangementet
Hald av laurdagskvelden – for 19. september kl 18 blir det endeleg teater på scena i Kabuso igjen! I det humoristiske teaterstykket Vestland, Vestland
Om arrangementet
Hald av laurdagskvelden – for 19. september kl 18 blir det endeleg teater på scena i Kabuso igjen!
I det humoristiske teaterstykket Vestland, Vestland får du vita ein heil del om Sogn og Fjordane og Hordaland som du sikkert alltid har lurt på, og ein heil del som du ikkje visste at du lurte på.
Kva skjedde på Gulatinget?
Låg dei tyske keisarane med damene på S-laget?
Går det an å flørta i dalatrekk?
Er det trist når nabosvinet døyr?
Kva har skjedd og kor er vi på veg?
Kort sagt: Kven er vi?
Framsyninga er ei gåvepakke frå Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret til alle innbyggarane i det nye fylket. Ei rekke påstandar, særpreg og historiske hendingar blir presenterte, gjenskapte, diskuterte og avklarte, slik at vi kan vandra vidare saman.
På scena står Claus Sellevoll frå Alversund i Nordhordland og Sigrid Moldestad frå Breim i Nordfjord. Finn Tokvam har skrive teksten og Arvid Ones har regi.
Vestland, Vestland er produsert av Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret.
Kunstnarleg lag
Av Finn Tokvam
Regissør Arvid Ones
Komponist Odd-Erik Lothe
Lysdesignar Krystian Myska
Illustratør Gustav Kvaal
Figurmakar Marte Synnevåg
Scenografkonsulent Olav Myrtvedt
Medverkande
Claus Sellevoll
Sigrid Moldestad
Arr: Teater Vestland, Det Vestnorske Teateret og Kabuso
Tid
19. September 2020 18:00(GMT+00:00)
Billettsal på nett
>>> KJØP BILLETT HERSjå arrangementet på Facebook
>>> Meld di interesse herProgram
lau10mai11:00lau17:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.