Lagmannsstova – 800 år, fortalt med penn, pensel og kamera
Om arrangementet
Lagmannsstova – 800 år, fortalt med penn, pensel og kamera. Lagmannsstova er datert til 1220-1230. I 2025 feirer me at denne unike bygningen er 800 år, med ei utstilling som syner
Om arrangementet
Lagmannsstova – 800 år, fortalt med penn, pensel og kamera.
Lagmannsstova er datert til 1220-1230. I 2025 feirer me at denne unike bygningen er 800 år, med ei utstilling som syner fram denne staselege bygningen på ulikt vis – med penn, pensel og kamera. I tillegg til arbeider av arkitekten Georg Fredrik Fasting og foto av Elisabeth Emmerhoff, vert ein og kjent med Lagmannsstova og bygningens historie gjennom ei bok utgjeve av Stiftelsen Agatunet.
Utstillinga opnar 10. mai 2025 og vert ståaende til 31. august 2025.
Georg Fredrik Fasting (1903-1987) vaks opp i Bergen. Han utdanna seg til arkitekt ved NTH i åra 1924-28. Han starta etter kvart eigen arkitektpraksis i Bergen, og vart seinare fylkesarkitekt i Nord-Trøndelag og Hordaland. Mest kjent er han nok for å ha teikna den ikoniske raude telefonkiosken som var så utbreidd i Noreg.
I løpet av krigsåra utførte arkitekt Fasting eit arbeid som er mindre kjent. Sommaren 1943 fekk han bu i Isaksstova i Agatunet. I arkivet etter han kan ein lese i eit brev frå 1972: «Mitt engasjement i i Agatunet skriver seg fra noen lykkelige sommermåneder under okkupasjonsårene hvor min familie fikk samle krefter til å overvinne den strenge rasjonering.»
Den fyrste sommaren han budde i tunet, teikna han opp Isaksstova, og gav oppmålingsteikningane til Stiftelsen Agatunet. Stiftinga skaffa så midlar, frå mellom anna Riksantikvaren, til å få teikna opp alle husa i det sentrale tunet.
Fasting dokumenterte bygningane i tunet slik han såg dei i 1940-åra. Han laga fasadeteikningar av meir enn 30 hus, snitt- og planteikningar, alle svært detaljerte og fulle av informasjon om dei ulike bygningane. I tillegg teikna han dører, vindauge og andre enkeltelement, også desse ned til den minste detalj. Dei eldste husa han teikna, er frå 1200-talet, dei yngste frå ca. 1900. Han teikna stover, løer, stabbur, skytjer, eldhus, utedo og møkaskutar. Teikningane viser ein svært stor variasjon, her er røykstover og lemstover og hus i ulike bygningsteknikkar, i reisverk, grindverk og laft. Han dokumenterte og alle dei ulike helleleggingsteknikkane i tunet, saman med torvtak og pannetak.
Dette teikningsarkivet er unikt, truleg det einaste i sitt slag som gir ein så grundig dokumentasjon av eit komplett freda klyngjetun. I tillegg til alle teikningane i svart/kvitt, måla Fasting ei rekkje akvarellar av utvalde bygningsmiljø i tunet. Oppmålingsteikningar i målestokk 1:50, samt detaljteikningar, er teikna med blekk og penn på kartong. Omkring 100 blad med detaljert dokumentasjon over husa vart resultat av dette arbeidet. Teikningane vert nytta den dag i dag og har vore eit særs godt hjelpemiddel i arbeidet med restaureringa av bygningane i tunet.
I utstillinga synar me eit utval av teikningar og akvarellar av Lagmannsstova. Oppmålingsteikningar i målestokk 1:50, samt detaljteikningar, er teikna med blekk og penn på kartong.
Stiftelsen Agatunet står bak ei ny utgjeving om Lagmannsstova, med tittel Storstovo På Aga. Lagmannsstova. Boka fortel om Lagmannsstova, lagmannen, lovverk, levde liv, vedlikehald, og om bruken i dag. Kunstgruppa i Agatunet har vore representerte i redaksjonen for utgjevinga. Redaktør Kåre Grønsnes seier: “Boka er skriven for å hegna om soga til Storstova, Lagmannsstova, gjennom 800 år, med von om at soga skal vekkja undring og interesse.” Boka vert lansert under opningsarrangementet i Agatunet 10.mai 2025, og vert for sal i museumsbutikken gjennom sesongen. Ho kan òg tingast ved direkte henvending til agatunet@hvm.museum.no.
I høve bokutgjevinga hyra Kunstgruppa fotograf Elisabeth Emmerhoff til å dokumentra detaljar frå Lagmannsstova. Åtte av desse bileta er stilt ut i kaféen. Dei er og til sals i eit avgrensa opplag. Elisabeth Emmerhoff (1980) frå Sunnhordaland er busett på ein fruktgard i Sørfjorden. Ho har ein MA frå Kunsthøgskulen i Bergen, og ein BA i fotografi fra UAL i London. Ho har lang erfaring som fotograf, og gjer spesielt mykje utandørs portrettfotografering.
Program
lau31mai11:00sun31aug17:00Kulturskule- utstillinga 2025Unge og lovande!
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova. Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova.
Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga representerar denne breidda – ein får sjå alt frå raske skisser (croquis og bilndteikning) frå teikneøvingar, til meir forseggjorte arbeid som har vakse fram over tid.
Elevane vel sjøl ut nokre verk som skal inngå, og kunstfaglærar Johild Mæland syter for god representasjon og monterar utstillinga.
Det har i år vore 40 elevar fordelt på seks undervisnningsgrupper, ei i Jondal , ei på Hauso og fire grupper i Odda. Spennet i alder er stort, frå småskule til vaksne elevar.
Felles for alle gruppane er at dei ein periode såg på folkekunst, der ein spesielt undersøkte ulike stilretningar innan rosemaling.
Hardanger spillfestival inviterte kunstfag til å lage illustrasjonar, i form av spelkort i eit gjeve format, til presentasjon av dei ulike spela på festivalen. Til samen vart det laga 43 fine små teikningar.
Elevane dreg kvart år på ei ekskursjon og gjer feltarbeid – i år var dei på Baroniet i Rosendal, midt under bløminga!
Utstillinga i år syner både teikning, spillkort, rosemålingsstuder, og maleri. I tillegg vil ein også visa nokre tredimensjonale arbeid, i form av skulpturar.
Utstillinga opnast laurdag 31.mai (sjå eigen programpost om opningsarrangementet), og vert dei fyrste vekene tilgjengeleg laurdag og sundag frå 11-17.
Frå mandag 16.6 til sundag 31.8 er ho open kvar dag 11-17.
Utstillinga inngår i ordinær billett.