– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Open kafé og bruktmarked

lau21sep12:00lau19:00Open kafé og bruktmarked

Vaffel, kaffe og eplemost i glaset. Open kafè og bruktmarked 21.september 12-19

Om arrangementet

Det blir so stille no når sommarsesongen er over. Difor vil me ha open kafé laurdag 21.september, og oppmodar bygdefolket til å sette av tid til eit kafèbesøk på Agatunet.

Me har litt is som me sel til halv pris, kaker og kaffi, og elles fine ting i museumsbutikken: Nyttige og fine ting i tre, laga i Hardanger og på Voss, bruksvarer i kjeramikk laga i Bergen, fine gamle plakatar, og sjølvsagt bøker. Riddarrommet med prinsessekjolar og riddarkostymer vil óg være ope.

I Asbjørnsløa blir det eit eksklusivt bruktmarked. Her vert det seldt utvalde skattar denne ettermiddagen.

Kl. 17:00 blir det lansering av boka ATTRÅ om kunsten til Lars Korff Lofthus. Sjå eige arrangement.

Håpar me sjåast.

 

 

Tid

(Laurdag) 12:00 - 19:00(GMT+00:00)