Avlyst: Njål Sparbo & Einar Røttingen
tors04jun19:00Avlyst: Njål Sparbo & Einar RøttingenHardingtonar
Om arrangementet
Kom i festivalstemning i Kabuso! Torsdag 4. juni kl. 19 kan du få med deg ein av årets første Hardingtonar-konsertar – her kjem kammermusikksalen og flygelet verkeleg til sin rett.
Om arrangementet
Kom i festivalstemning i Kabuso! Torsdag 4. juni kl. 19 kan du få med deg ein av årets første Hardingtonar-konsertar – her kjem kammermusikksalen og flygelet verkeleg til sin rett.
Njål Sparbo – song
Einar Røttingen – piano
Både Sparbo og Røttingen er kjende som særs aktive og allsidige musikarar – blant dei fremste i Noreg på kvar sitt felt.
Denne junikvelden presenterar dei eit program med songar til tekst av Aslaug Låstad Lygre og Arnulf Øverland som ein del av festivalen sin opningsdag.
PROGRAM
Songar til tekst av Aslaug Låstad Lygre (1910-1966)
Raudnande blome som blømer i fjell
Vi skal ikkje sova
Godnatt
Mjukt skjer åra
Mørkt eventyr i november
Det einøygde huset
Spelet
Natta kan tala
Bera ei sorg
Kveld i sundet
Eg henta ei glede
Fest i september
Folkevise
Songar til tekst av Arnulf Øverland (1889-1968)
Der flakker så røde stjerner
Og si meg
Fluen
Utopia
Lindormen
Dagvise
Vuggevise
Det jodlet i grønne skoger
Stjernenes hus
Et seil glir bort
Om Hardingtonar:
Stiftinga Hardingtonar vart skipa ut frå eit ynskje om å auka kjennskapen til komponisten og hardingen Geirr Tveitt sin store og allsidige produksjon, i tillegg til å fokusera folkemusikk og anna kulturskaping i Hardanger. Sidan starten i 1991 har festivalen vore ein årviss musikkfest i Norheimsund.
Med Bergen Filharmoniske Orkester som musikalsk hjørnestein og vitjing av framståande musikarar frå både inn – og utland, har tonekunstnaren Geirr Tveitt fått ein renessanse, og hans verk vert i dag stadig oftare framført rundt i Europa.
Hardingtonar har og fått vore eit springbrett for lokale musikktalent, og festivalen er i dag fundamentert som ein av dei viktige årlege musikalske høgdepunkt i Hardanger.
Tid
4. juni 2020 19:00(GMT+00:00)
Sjå arrangementet på Facebook
>>> Meld di interesse herProgram
lau10mai11:00lau17:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.