Hege Wiken – Splitter pin(n)e
sun02junsun01sepHege Wiken – Splitter pin(n)e
Om arrangementet
Utstillingsopning sundag 2. juni kl 13 Sommaren 2019 viser Agatunet ei utstilling av korgmakar Hege Wiken. Wiken set her fokus på splitting av materiale. Dette er ein dominerande teknikk i korgmaking
Om arrangementet
Utstillingsopning sundag 2. juni kl 13
Sommaren 2019 viser Agatunet ei utstilling av korgmakar Hege Wiken.
Wiken set her fokus på splitting av materiale. Dette er ein dominerande teknikk i korgmaking i Noreg, der relativt grovt material vart nytta til fletting. Det vert nytta mellom anna hassel, selje, hegg, einer og pil.
Kunnskapen om teknikken er i ferd med å døy ut:
Det er svært få som kan formidla kunnskap om innhenting av rett type material til riktig tid, og rett foredling av dette. Prosjektet Splitter pin(n)e er meint som eit bidrag til å ta vare på og vidareformidla noko av den kunnskapen.
Det er elles uendelege unytta ressursar i kulturlandskapet. Dette er også i ferd med å gro igjen – som ein konsekvens av at ressursane ikkje vert nytta.
Korgene i utstillinga gjenspeglar prosessen med å læra lokale material og tradisjonelle teknikkar å kjenna. Prosjektet er eit samarbeid med Samson Øvstebø som er tradisjonsberar og støttespelar i prosjektet.
Dette fortel korgmakar Hege Wiken om arbeidet sitt:
“Eg har svennebrev som korgmakar etter læretid hjå Skovstuen Pil. Eg er stolt over å kunne vidareføra eit gamalt handverk med slike store variasjonar og mangfald i kunnskap, eg er begynt å forstå rekkevidda av det eg ikkje veit, og gler meg til å fortsetja reisa med å læra fleire material og teknikkar å kjenne.
Eg driv garden Alvastien Telste med mann og tre barn i Fyksesund, Hardanger.
Eg er engasjert i å dykke djupare i handverket og dei lokale tradisjonane, og å kunne nytte ein ofte oversett ressurs samtidig som eg driv regenerativt jorbruk – ein naturleg del av heilskapen på garden.”
Utstillinga står i Agatunet i perioden 02.06.19-01.09.19.
Prosjektet Splitter Pin(n)e er støtta av Norsk kulturråd, Halldor O. Opedal sitt fond for ålmennyttige formål og Kvam herad.
Program
lau31mai11:00sun31aug17:00Kulturskule- utstillinga 2025Unge og lovande!
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova. Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova.
Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga representerar denne breidda – ein får sjå alt frå raske skisser (croquis og bilndteikning) frå teikneøvingar, til meir forseggjorte arbeid som har vakse fram over tid.
Elevane vel sjøl ut nokre verk som skal inngå, og kunstfaglærar Johild Mæland syter for god representasjon og monterar utstillinga.
Det har i år vore 40 elevar fordelt på seks undervisnningsgrupper, ei i Jondal , ei på Hauso og fire grupper i Odda. Spennet i alder er stort, frå småskule til vaksne elevar.
Felles for alle gruppane er at dei ein periode såg på folkekunst, der ein spesielt undersøkte ulike stilretningar innan rosemaling.
Hardanger spillfestival inviterte kunstfag til å lage illustrasjonar, i form av spelkort i eit gjeve format, til presentasjon av dei ulike spela på festivalen. Til samen vart det laga 43 fine små teikningar.
Elevane dreg kvart år på ei ekskursjon og gjer feltarbeid – i år var dei på Baroniet i Rosendal, midt under bløminga!
Utstillinga i år syner både teikning, spillkort, rosemålingsstuder, og maleri. I tillegg vil ein også visa nokre tredimensjonale arbeid, i form av skulpturar.
Utstillinga opnast laurdag 31.mai (sjå eigen programpost om opningsarrangementet), og vert dei fyrste vekene tilgjengeleg laurdag og sundag frå 11-17.
Frå mandag 16.6 til sundag 31.8 er ho open kvar dag 11-17.
Utstillinga inngår i ordinær billett.