Familiesundag med konsert
sun22okt14:00Familiesundag med konsertRuth Lillegraven og Annlaug Børsheim
Om arrangementet
Poeten Ruth Lillegraven og musikar Annlaug Børsheim inviterer til poesikonsert for heile familien på Utne sundag 22.oktober kl 14. Det vert både opplesing og musikalske tolkingar av dikta til Ruth,
Om arrangementet
Poeten Ruth Lillegraven og musikar Annlaug Børsheim inviterer til poesikonsert for heile familien på Utne sundag 22.oktober kl 14. Det vert både opplesing og musikalske tolkingar av dikta til Ruth, dikt som skildrar korleis det er å vere både ung og levande og gamal, korleis kjensler svingar frå vår til sommar til haust og vinter, å vere redd og å tore – blant anna.
Dikta er henta frå dei tre kritikarroste barnediktbøkene Eg er eg er eg er (2016), Skogen den grøne (2018) og Badesommar (2023), som alle er illustrert av Mari Kanstad Johnsen. Annlaug har tonesatt fleire av dikta til Ruth, først og fremst dikt frå boka Eg er eg er eg er. Musikken er inspirert av norsk folkemusikk i møte med andre tradisjonar og sjangrar og Annlaug speler både hardingfele, gitar og syng.
Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin der ho no er busett. Ho debuterte som forfattar i 2005, og har sidan skrive ei rekkje bøker både for barn og vaksne. Lillegraven er mest kjend for diktsamlingane sine, men har òg skrive mellom anna to psykologiske thrillerar, ein roman og fleire skodespel. I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. Den første diktsamlinga hennar for barn, Eg er eg er eg er (2016), vart nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen. Ho har også hatt fleire scene-samarbeid med ulike musikarar.
Annlaug Børsheim (f.1982) frå Ulvik, busett i Bergen. Ho arbeider som frilans musiker innanfor eit breitt spekter av sjangrar og sceniske uttrykk. I 2023 gav ho som del av duen Djønne&Børsheim ut plata Skyer av Perlemor, der ho og Rannveig Djønne har tonesatt fleire av Ruth Lillegraven sine dikt frå bøkene Urd og Sigd. Annlaug var òg ei av spelarane på utgjevinga Slåttar frå Kvam, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang i lag med Knut Hamre, Benedicte Maurseth og Lajla Buen Storli, ei utgjeving som kom i mars 2023. Ho speler fast i Frode Grytten Beat Band og turnerer med fleire produksjonar for Den Kulturelle skulesekken.
Ope kafé
Museumskafeen er ope frå 13 – 16. Hjarteleg velkomne alle!
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.
Tid
22. oktober 2023 14:00(GMT+00:00)
Billettsal på nett
Sjå arrangementet på Facebook
Program
lau31mai11:00sun31aug17:00Kulturskule- utstillinga 2025Unge og lovande!
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova. Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova.
Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga representerar denne breidda – ein får sjå alt frå raske skisser (croquis og bilndteikning) frå teikneøvingar, til meir forseggjorte arbeid som har vakse fram over tid.
Elevane vel sjøl ut nokre verk som skal inngå, og kunstfaglærar Johild Mæland syter for god representasjon og monterar utstillinga.
Det har i år vore 40 elevar fordelt på seks undervisnningsgrupper, ei i Jondal , ei på Hauso og fire grupper i Odda. Spennet i alder er stort, frå småskule til vaksne elevar.
Felles for alle gruppane er at dei ein periode såg på folkekunst, der ein spesielt undersøkte ulike stilretningar innan rosemaling.
Hardanger spillfestival inviterte kunstfag til å lage illustrasjonar, i form av spelkort i eit gjeve format, til presentasjon av dei ulike spela på festivalen. Til samen vart det laga 43 fine små teikningar.
Elevane dreg kvart år på ei ekskursjon og gjer feltarbeid – i år var dei på Baroniet i Rosendal, midt under bløminga!
Utstillinga i år syner både teikning, spillkort, rosemålingsstuder, og maleri. I tillegg vil ein også visa nokre tredimensjonale arbeid, i form av skulpturar.
Utstillinga opnast laurdag 31.mai (sjå eigen programpost om opningsarrangementet), og vert dei fyrste vekene tilgjengeleg laurdag og sundag frå 11-17.
Frå mandag 16.6 til sundag 31.8 er ho open kvar dag 11-17.
Utstillinga inngår i ordinær billett.