– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Diktardagen

lau11jun15:00Diktardagenog konsert

Om arrangementet

Steinar Opstad får Diktartavla 2022

Haugesenteret og Hardanger folkemuseum heidrar ein av våre fremste poetar Steinar Opstad med ein plass på den vakre Diktarstien i Hardanger. Prisutdelinga finn stad på Utne laurdag 11. juni.

Steinar Opstad har gitt ut ti diktsamlingar sidan han debuterte med Tavler og bud i 1996. Familierelasjonar, einsemd og lengt er tema som opptek Opstad. Bibelske og eksistensiell motiv står òg sentralt i diktinga hans. – Steinar Opstad sin poesi er på same tid søkande og jordnær.Han viser oss nye måtar å sjå og erfara verda på, seier Geir S. Netland, arenaleiar ved Haugesenteret. I eit essay skriv Opstad: «Den poeten som ikke har gjort seg skyldig i at en verdensanskuelse blir synlig, har heller ikke gjort jobben».

Diktarstien på Hardanger folkemuseum
Diktarstien er ein vakker hellegang med 31 diktartavler som prydar det flotte museumstunet ved Hardanger folkemuseum på Utne. Opstad går inn i rekkja av markante diktarar som har fått Diktartavla, blant dei Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas, Jan Erik Vold, Kolbein Falkeid, Eldrid Lunden, Jon Fosse, Cecilie Løveid, Paal-Helge Haugen og Øyvind Rimbereid.

Under prisutdelinga ved Hardanger folkemuseum vil Opstad framføre utvalde verselinjer, og samtale om diktinga si saman med Stein Arnold Hevrøy, konservator i Nynorsk kultursentrum. Etter den litterære samtalen blir det konsert med Elisabeth Vatn og Anders Røine.

Multiinstrumentalist og komponist Elisabeth Vatn er utdanna pianist, pedagog og etnomusikolog. Ho spelar også klarinettar og orgel, og er ein av få utøvarar på svensk/nordisk sekkepipe. Vatn arbeider på tvers av sjangrar, med inspirasjon frå både klassisk, improvisert og rytmisk musikk, så vel som folkemusikk og verdsmusikk. Ho har samarbeidd med mange ulike utøvarar og har ei rekkje utgjevingar og konsertproduksjonar bak seg med ulike konstellasjonar. Vatn komponerer også musikk til eigne ensemble.

Anders Røine er folkemusikar og komponist, og trakterer både munnharpe, langeleik, hardingfele, seljefløyte, lur, mandolin, banjo og gitar. Røine er sentral i mange ulike grupper og prosjekt, mellom andre Sudan Dudan, Røine/Warg, Kristine Valdresdatter og Reolo. Han har vunne landskappleiken på munnharpe fleire gonger, og har henta ei rekkje prisar for utgjevingane sine.

Foto: Rolf M. Aagaard, Kolon Forlag

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Billettsal på nett

Bilettsal

Sjå arrangementet på Facebook

Sjekk ut!