Benedicte Maurseth - Hárr
tors20jan20:00Benedicte Maurseth - HárrLanseringskonsert
Om arrangementet
Benedicte Maurseth – hardingfele Mats Eilertsen – kontrabass, elektronikk Håkon Stene – vibrafon, perkusjon og elektronikk Emilia Amper – nykkelharpe Hárr er eit tingingsverk av Benedicte Maurseth,
Om arrangementet
Benedicte Maurseth – hardingfele
Mats Eilertsen – kontrabass, elektronikk
Håkon Stene – vibrafon, perkusjon og elektronikk
Emilia Amper – nykkelharpe
Hárr er eit tingingsverk av Benedicte Maurseth, arrangert og framført i samarbeid med dei mesisterlege musikarane Mats Eilertsen og Håkon Stene, med fl. til Hardanger Musikkfest i 2019. «Hárr» er det norrøne namnet for Hårteigen, det mest særmerkte fjell på Hardangervidda. Verket er såleis ein hyllest til dyreliv og fjellfolk frå Maurseth sine heimtrakter i Hardanger, og Arne Næss sin miljøfilosofiske retning økosofi.
Som folkemusikarar alltid har gjort står også Maurseth open i sin samtid, og hentar impulsar frå andre kunst- og musikkutrykk i samspel med andre. I verket Hárr vekslar det mellom norsk slåttemusikk, fri improvisert musikk, amerikansk minimalisme, og utstrekt bruk av musique concrète som eit berande element i komposisjonane, med lydar frå reinsdyr, fuglar, insekt, tamreinsgjetarar frå Hardangervidda integrert i musikken.
Albumversjonen av verket Hárr vert lansert på Hubro Records januar 2022
«Det skapande arbeid, og det å gå timevis i fjell, er for meg mykje likt. Båe deler krev og framkallar eit nærvær, og ei djup lytting som gjer sansane opne og klåre. Det er noko ein kan gjera åleine, eller dela med andre, i stillheit eller i samtale. Båe deler krev også tid, tolmod og gjentakande repetisjon, og gjev ein ei naudsynt påminning om noko anna, større enn oss sjølv».
Omtale av Hárr i samband med uroppføring 2019 i Hardanger:
Avisa Hordaland: 5 /5
«Benedicte Maurseth og musikarane hennar tok med publikum til fjells og gjorde djupt inntrykk på publikum på urframføringa av tingingsverket til Hardanger Musikkfest «Hárr» i Eidfjord gamle kyrkje».
________________
Benedicte Maurseth, hardingfelespelar, komponist og forfattar, er ein etablert og anerkjend utøvar. Ho har gått i lære hjå meisterspelemannen Knut Hamre gjennom fleire tiår, og har turnert i omfattande grad som solist i Norge og internasjonalt. Hennar samarbeid har vore med mange av dei fremste kunstnarar på tvers av sjangrar som Nils Økland, Marilyn Crispell, Rolf Lislevand, Jon Fosse og Anne Marit Jacobsen.
Maurseth har fleire tingingsverk bak seg mellom anna for teater, film, og fleire album. For verket Tidekverv uroppført i 2017 vart ho tildelt NOPA sin musikkpris, og hennar spesialskrivne song «Very full» for Marvel Studio til TV-serien Loki, kom nyleg høgt på Billboard-lista. Maurseth har også spelt inn fleire album for Grappa Musikkforlag og ECM Records, og har også skrive bøker, artiklar og essay.
Omtalar:
«Benedicte Maurseth is a remarkable musician, rooted in tradition yet a true visionary»
Fiona Talkington
«Morgon og kveld» er en bortimot perfekt syntese av to kunstformer, og like mye en triumf for Benedicte Maurseths helt uvanlige evner som musiker og komponist som for Anne-Marit Jacobsens strålende skuespillerkunst.»
Sindre Bremnes, Folkemusikk
«Her own compositions are stunning, with multiple layers, still true to her regional style but playing with counter-rhythms and harmonics: this creates a very rich sound together with the sympathetic resonances of the Hardanger fiddle’s extra strings. Still in her mid thirties, Benedicte Maurseth is one of the leading exponents of this style.»
Folk World
Foto: Øystein Haara
Tid
20. januar 2022 20:00(GMT+00:00)
Billettsal på nett
>>> KJøpProgram
lau10mai11:00lau17:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.