Splitter Pin(ne)

I Haldorsbua i Agatunet – som aldri før har vore ope for publikum – finn du i år ei flott utstilling med korgar i splitta materiale. Korgene er laga av to handverkarar frå regionen, Hege Wiken og Samson Øvstebø. Utstillinga opna 2. juni og står til 1. september, og er ein del av eit større prosjekt, Splitter Pin(ne).

I utstillinga har dei fokus på splitting av materiale, som tradisjonelt har vore ei dominerande teknikk i korgmaking i Noreg, kor relativt grovt materiale har vore nytta til fletting. Me får sjå splitting av hassel, selje, hegg og einer, mellom anna. Kunnskapen om splitting av materiale står i fare for å døy ut, det er svært få att som kan formidla kunnskap om innhenting av riktig type material til riktig tid, og korleis ein best foredlar dette. Prosjektet Splitter Pin(ne) er eit bidrag til å forandra på dette. Det er uendeleg med uutnytta ressursar i vårt kulturlandskap, eit landskap som er i ferd med å gro att, som eit resultat av at me ikkje nyttar desse.

Hege Wiken har svennebrev som kurvmaker, og bur i Fyksesund der ho driv garden Alvastien Telste i lag med familien sin. Ho er stolt over å kunne vidareføre eit gamalt handverk, og arbeider stadig med å utforska og meistra nye material og teknikkar.

Samson Øvstebø bur i Åkra i Kvinnherad, og arbeider med tre i mange teknikkar. Han snikrar møblar, fletter og lager kiper, sveiper og lagar skrin. Han held og kurs i kipemaking og korleis ein tilverkar tau av lindebast.

Prosjektet Splitter Pin(n)e er støtta av Kulturrådet, Kvam herad og Halldor O. Opedals minnefond.

Legg turen innom det fine stabburet og sjå dette flotte handverket!

 

Kontakt

Besøksadresse: 5776 Nå
Postadresse: Museumsvegen 36, 5778 Utne

Tlf: 474 79 902
E-post: agatunet@hvm.museum.no

Nyhendebrev

Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om kva som skjer ved Hardanger og Voss museum!

Opningstider

6 .mai - 1. sept. 2019:
Kl 10 - 17 alle dagar

Ope for grupper og andre besøkande etter avtale heile året

X